Val etter Maaten. Forholdstalsval.

 
Ho gjeng tuslar paa ymse Kantar den Røda: No lyt Valloven endrast, so dei mindre Serlagi kann faa inn nokre av sine Folk dei med, men daa etter Maaten mindre.
 
2 _3 Aar sidan var det ein, som skreiv i Budst. um det. Tykkjest vita, det var Liv. Smitt. Seinare hev ymse Blad i Bergen og so Vestlp. rødt um det. Eg vilde viljugt gjera det vesle eg orkad for aa meinka slikt. Men daa eg kvar Gong, eg saag det, vonad at det vart den siste, slo vist ikkje eg til Ljod. Saag eg det so her um Dagen i Fedrah. No. 70 _ Lat oss vera rettferdige, viste eg inkje, kva eg skulde tru.
 
Fyrst eg skimtad den Tanken, tyktest han meg stor og mønsterhøg. Men daa eg skulde kjennast ved honom, fann eg, at han helder var alle til Skade, ingen til Bate. At han skal vera rettferdugare enn det, som er _ inkje er det godt aa fatta.
 
Men Serlaget paa 100 Veljarar fær tvo av sine fram, det paa 50 fær ein etter Maaten, enn det paa 25? Enn han, som stend aaleine, kven skal orda i hans Ærend? Er Rettferdi slik, der maa vera so og so mange, fyrr ho kann bøygja seg ned og taka seg av deim, og er ho meir gjevmild til større Fjølden er upp yver? _ og fyre alt dette ikkje krev meir, enn at ein skal høkra ut og smaadeila si Tru og sin Tanke til dess ein er god til aa krøkja seg innaat næmaste Serlagskrullen, so Rettferdi kann faa Tak i honom og han Deil i hennar.

Det fær no verta Saki hans eigi. Men inkje skal ein leggja Vande i Veg fyre Folk, _ illa nok utan. Faaren fyre koma i Skade til aa pruta med seg sjølv vilde daaverta meir lovande og lokkande enn no. _ _ _ Nei inkje dagtinga med si eigi Tru og Samvit.

Han kunde kun det hele kaare, song dei paa Grefti hans Schweigaard her um Aaret _ betre Ros viste ingen nemna.
 
Men Du, Fedraheim, at Du ikkje bannlyse Akordens Aand!
 
Strir ein ærlegt, ynskjer ein full Siger aat Saki, ikkje eit Kompromiss (Midtvegssemja).
 
Denne Mindretalstanken hev fyrr nokre Gonger voret klædd som Yver-hus _ no kjem han som Val etter Maaten. Folk er leide av Yver-husi, tykkjer det er fullaste Fridom ikkje hava dei.
 
Aa samla paa seg det, som gjer Lasset tyngre aa draga upp, det batar korkje den eine elder den andre _ kann soleis snaudt vera rettferdugare og like fullt eit Fleirtalsvelde likeso simpelt av Slag som det me hev, men verre i den Maaten, at det vilde gjera ei Sak tyngre aa faa fram.
 
Væl nok nemner dei som skriv um det aldri Yver-hus og Atterhalds-straumen, men naar det i djupaste Grunn peikar den Leidi, veit eg inkje korfyre ein skal nemna Trollet paa Namn.
 
Det skulde no vel ikkje vera fraa Danmark den Mønstertanken er komen? Lika god um so var, men i Røyndi er dei ikkje sælare der med den Maaten.
 
l.


Tanken um Mindretals-valet er so lite kjend her endaa, at det er ikkje aa undrast paa, um han vert noko mistydd og mistenkt. 
So mykje meir som det helst er Høgre, som hev drevet med dette, daa det er dei som fær svida hardast under dei Høve som no er. 
Men det er ein Tanke, som er likeso god for Vinstre som for Høgre.
 
Soleis som Partistellingi no er, so vilde ikkje Vinstre tapa noko paa det, det vilde berre verta ei liklegare Byting. Um me soleis hadde fenget eit Par Høgremenn ifraa Akershus, so kunne me fenget eit Par Vinstremenn fraa Kristiania i Staden.
 
Det er tvertimot kva Innsendaren meiner, nettupp det reine Fleirtalsveldet, som hev ein 
Akordens Aand i seg. Ein maa slaa av paa si personlege Yvervitning og røysta anten med elder imot Programmet. Dei sjølvstendigste Menn maa lida under denne Ordningi, det er Uraad aa faa si Sermeining fram, men dei som hev lett for aa dansa berre etter som Laatten vert leikad, dei fær alt Velde.
 
Var det Forholdstalsval so var det mykje lettare aa faa sine Meiningar fram, for daa trengde han ikkje aa faa med seg det halve Mannatal imot no for aa verta vyrd.
 
Denne Valmaaten vilde gjeva mykje meir Trygd for ei jamn og god Utvikling; ikkje so fæl og uppeggjande Partipolitikk som no, daa det anten er alt aa vinna elder ingen Ting. 
Spursmaali vilde verta dømde mykje meir saklegt, og Folkestemningi fraa alle Landsluter vilde koma sannare fram.
 
Paa eit Møte i Antwerpen gjorde Menn fraa ymse Land nyleg eit sovoret samrøystes Vedtak:

1. Det absolutte Fleirtal meinkar Grunnsetningi um Fridomen aat Veljaranne, veld Svik og Misgjerd, og kann gjeva eit Mindretal av Veljaranne Fleirtal i Repræsentasjonen.
2. Forholdsval er den einaste Maaten til aa tryggja Magti for det verkelege Fleirtalet, Kontrollen for Mindretali og fullgod Repræsentasjon for kvar Flokk som er nokon Mun i.
3. Tillempat etter kvart Lands serskilde Høve er Listesystemet med Fordelingstal eit stort Framstig imot dei fyrre System, og det gjev ein praktisk og streng rettferdig Maate til aa faa fram ein sann Repræsentasjon etter Forholdstal.