Tidender.

 
Kristiania, den 25de Septbr.

Valet i Stavanger . Oftedal er fallen .


Paa  Island hev Alltinget vedteket ei vigtug Grunnlovsforandring. Det er Tankarne aat Jon
Sigurdson som er framkomne um, at Island skal hava full Sjølvstyring og berre Konge i hop med Danmark, soleis at det skal vera ein Landsstyrar, som hev tri Ministrar, som berre er ansvarlege for han og for Alltinget.
 
Sysselmann Sveinsson er det som hev Ære for aa hava fenget sett igjenom denne Avgjerdsla. I nedste Avdeling av Tinget var 18 med og berre 5 imot. I øvste Avdeling var 7 med og 1 imot.
Etter den islandske Grunnloven skal no Alltinget løysast upp straks, og nye Val utskrivast, til at Forandringi kann verta endeleg vedteki.


Regjeringi vert klandrad av V. G. fordi ein ikkje hev høyrt noko fraa dei i heile Valstriden, ingen av dei hev latet upp sin Munn og lagt fram Programmet sitt for Veljaranne.


Ei fæl Ulukke i Stockholm. Utanfor Hotellet, der Kristina Nilsson budde, stod det ein Folkemuge paa umlag 35000 Menneskje, medan ho song aat Folket. Trengsla vart so stor, at Folk vart heiltupp trødde ned. Det vart ein Skrik og Staak, so det var fæle Ting. 18 Menneskje vart funne døde (17 kvende og 1 Mann), og 26 fekk meir elder mindre Skade.


Stortingsval for Lister og Mandal (Vest-Agder): Olsen, Holmesland, Jaabæk, Rejerson .