Norsk og dansk Bokhandel.

 
Mest alle Lesaranne vaare hev vonleg leset eit Stykkje av Bokhandlar O. Huseby um den norske Maalbokavlen. Det er ikkje vidare hugnalegt aa sjaa for oss Maalmenner. Det hadde au so mykje større Vigt ved det, han sjølv baade er Bokhandlar og Maalmann og soleis laut vera væl inne i desse Ting. Likevæl lyt eg faa Lov til aa segja nokre Ord tilsvars, for eg trur, at heile denne Samanlikningi hans er reint umogeleg og jamvæl reint galen attaat. Eg skal ikkje segja noko mot det, han skriv um, at me ikkje hev komi so langt, som sume segjer, at det er formykje Skryt og Kyt med oss, og at det enno gjeng fælt smaatt med aa selja Maalbøker og Blad. 
Alt dette kann vera rett nok, og eg trur, at me, som vil arbeida for Saki væl veit det. Det som eg held meg til, er berre Samanlikningi hans.

Fyrst segjer han, at Bokhandlaranne i Kristiania kvart Aar kann selja for yver 1 Million Kronur med Bøker. Ja, det vert væl etter som han reknar det; tek han med det, som Forleggjaranne sel, og det Utseljaranne sel, so kann det væl verta 1 Million tilsaman; men no veit alle, at Forleggjaranne sel mest berre til andre Bokhandlarar, slike, som kallast Sortimentsbokhandlarar og naar ein hugsar paa det, so trur eg nok den eine Millionen skal minka munleg. Um t. D. ein Forleggjar kann selja for 200,000 Kronur um Aaret, so gjeng kan henda berre 50.000 utor Budi hans, Resten gjeng til andre Bokhandlarar. Her i Kristiania hev me 10 12 Bokhandlarar, som ikkje berre er Forleggjarar. Eg er stød paa, at berre 5 av dei sel for meir enn 50,000 Kronur um Aaret, sume berre for 30 _40,000 og. Daa meiner eg naturlegvis berre det, som gjeng til Publikum, anten her i Byen hell utyver Landsbygdi. Og eg trur ikkje at fleire enn 1 _2 tek inn yver 100.000 Kronur paa den Maaten. Soleis trur eg ikkje, at det i det heile vert meir enn 6 _800.000 Kronur alt i hop, med norske, danske, svenske, tyske, engelske og franske Bøker.

Her er no ikkje Skilanden so stor endaa, men so kjem me til Bokhandlaranne i dei andre Byarne. H. meiner at Folk heri Landet iheile kjøper danske Bøker for 3,000,000 Kronur. Naar han no tek med utenlandskeBøker, so fær han væl i alt 4,000,000 daa, tenkjer eg. Bokhandlaranne i Smaabyarne skulde etter det selja for 3,000.000 Kronur kvart Aar. Naar eg skal rekna høgt, so trur eg det vert 500,000 Kronur, og eg kann ikkje skyna, korleis han kann faa ut so mykje. I alt hev me i heile Landet utum Kristiania nokre og 80 Bokhandlarar; etter hans Rekning skulde kvar selja for paalag 35,000 Kronur i Aaret; aa ja, det kunne gaa an aa vera Bokhandlar daa, um det vart so grumt med Fortenesta! Men no kann snaudt meir enn 10 av desse leva berre av Bokhandelen sin, dei andre lyt desutom selja ymse Slag anna: Papir, Tapetar, Kortevarar, Galanterivarar o. m. m. heilt ned til Kolonialvarar. Attaat er mange av dei Bokbindarar og Boktrykkjarar. Ein av dei, som ikkje er av dei største, men ikkje av dei mindste hell, sa eingong, at det meste han kunne taka inn paa eit Aar var 2,000 Kronur, og det var endaa berre etter stort Stræv. No veit eg væl, at det her i Landet vert selt mange Bøker, som ikkje gjeng gjenom Bokhandlaranne, men so fælt mykje vert det no ikkje; det er mest berre billige religiøse Smaabøker som gjeng ut paa den Maaten. Eg trur soleis, at det Folk i Norig gjev ut i Bøker, i høgste Laget vert 1,500,000 Kronur, og daa meiner eg ikkje berre danske Bøker.

Alt dette vert no Gisning, men eg skal likevæl setja fram mine Grunnar. Norig hev altid voret haldet for aa staa laagt i Bokvegen, so det er faae som kjøper Bøker, men etter Uppgifti hans H. skulde kvart Menneskje i Landet likevæl gjeva ut ikring 2 Kronur til Bøker um Aaret. I Tyskland, som stend noko med det høgste i den Vegen; der gjev dei etter ei offentlig Utgift ut ikring 1 Riksmark (89 Øre) for Aaret; Norig stend soleis meir enn dubbelt so høgt, men det kann daa alle skyna er meningslaust. Etter mi Uppgift gjev dei ut 75 Øre, men det er og formykje, det er eg stød paa. Etter Statistisk Aarbog for 1883 Side 63 vart det her til Norig det Aaret innført Bøker for 1,123,700 Kronur. I dette Talet er soleis medreknad alt so nær som det som vert utgjevet her i Landet. Men kor mykje av dette vert selt og kor mykje vert attsent til Utlandet naar Aaret er ute? Ja, det fær ein ikkje vita noko um her, men det er rimelegt, at innpaa Helvti av det gjeng ut att Aaret etter. I samme Aarboki stend det, Side 66, at Norig ikkje utfører Bøker for meir enn ikring 300,000 Kronur, men det vil væl berre segja, at so mykje gjeng det av norsk Forlag til Utlandet (Danmark og Sverige). Ein lyt her hugsa paa, at me innfører alle Bøkerne av dei beste Bokskrivaranne vaare, og av dei kann det ofte verta selt fleire Tusund paa eit litet Bil, og det gjer ikkje so lite. Eg skal taka eit anna Døme. Etter den same Boki vert det innført til Norig Tobak for 2,526,500 Kronur um Aaret. Her trur eg ein lettare kann sjaa Skilanden. Etter Uppgifti til H. brukar Folk fleire Pengar til Bøker enn til Tobak, men eg trur ikkje mange held med han i det. Det finst væl knapt nokon Mann i Landet, som ikkje brukar Tobak for iminste 5 Kronur um Aaret, og oftast gjeng væl 10 _12 med au; men det finst fleire Tusund, som heile Livet igjenom ikkje kjøper andre Bøker enn ei Salmebok aat seg sjølv og Kjeringi, og ei ABCbok, ei Katekisme og kannhenda 2 _3 andre Smaabøker aat Borni sine. Tobak kann du kjøpa deg i mest anna kvart Hus i Byarne, og paa fleire Stader i kvar einaste Landsbygd, men skal du hava deg ei Bok, so lyt du jamnast gaa lite lenger. Det finst dei, som gjev ut fleire Hundrad til Bøker um Aaret, men so finst det au dei, som gjev ut so mykje til Tobak og Cigarar.

Det var no berre for aa syna, at Samanlikningi ikkje var rett. Eg skal no gaa vidare. Naar ein vil setja desse fatige 8,000 Kronur upp imot 3,000,000, so er det reint som aa stella upp ei Fluge mot ein Elefant. Men her kjem fram eit anna Spursmaal. Kva fær Folk for dessa 8,000? Jau, heile Landsmaalsbokavlen vaar er berre ein Luxusbokavl, det er slikt, som kann vera morosamt aa lesa, nokon Nytte plent hev ein ikkje av det. Men i den danske Bokavlen, der hev me alt det, Folk treng um; religiøse Bøker, Skulebøker, vitenskaplege Bøker og slikt; og det er slike Folk plar kjøpa; det er ikkje alle, som hev Raad til aa kjøpa morosame Bøker. Soleis kann ein ikkje rekna med alle slike Bøker; Folk lyt hava dei, og det er ikkje for Maalet si Skuld, at Folk kjøper dei. Ingen kann tvila paa, at um t. D. ein Professor gav ut ei giid Bok paa Landsmaal, so vilde ikkje Maalet vera noko til Meinke for aa selja ho. Folk trengde um ho for hennar eigi Skuld. Soleis er det og med mykje av den danske Skjønliteraturen. Folk kjøper ikkje ei Bok av Schandorph av di ho er skrivet paa dansk, men av di ho er av Schandorph; so vilde det vera, um Landsmaalet var det fornemste Maalet her i Landet au. Etter det trur eg, at den Sum ein maa rekna med, helder vert 300,000 enn 3,000,000. Det er stor Skilnad paa desse tvo Tali. Etter som me fær gode Bøker paa Landsmaal, so vert det nok dei, som vil kjøpa dei; det kann me sjaa paa Garborgs Bondestudentar; det var ikkje for Maalet si Skuld, men for Mannens, at ho vart utseld paa lite meir enn 1 Aar. Naar ein skal gjera Samanlikning her, so fær ein ikkje sjaa paa norsk og dansk, men paa norsk no og norsk fyrr. Daa trur eg det fyrst kann verta rett.


(Nora).