Ei Bønebok mest etter Ludvig Hofacker [Forteljing til Utklypp]

 

(Del 1 av 8.)

 

 

-8-

 

heve, og som du ikkje formaar aa gjeva deg sjølv? Vantar du inkje? Tarv du ikkje eit nytt Hjarta og ein ny stød Ande? Tarv du ikkje sann Umvending og ei livande tru paa Frelsaren din, han, som vart fest til krossen fyre deg? Tarv du ikkje Visdom til aa kanna den rette vegen til Livet? Treng du ikkje Forlating fyre Synderna dine og Kraft til aa avsegja Syndi og fylgja Herren din paa den tronge Vegen i Sjølvneiting, Tolmøde og dagleg Lyding? Treng du ikkje Trøyst i mykjen Elegskap paa Likam og Saal? treng du ikkje endaa tusund andre Ting? Um alt dette kann du beda, og di meir barnslegt og idugt du bed, di kjærare er det fyre Herren, som segjer: ”Opna Munnen din vidt, so vil eg fylla honom”.

 

Men korleides skal eg beda? Heppen er du, som spyrr soleides. For mange hava i heile Livet sitt ikkje ein einaste Gong bedet til Herren i Sanning. Dei segja berre dei Bøner, dei hava lært utan Kjensla og Vit

 

 

Ei Bønebok mest etter Ludvig Hofacker

 

ved Kristen Stalleland.

 

 

-4-

 

honom til aa gjera det gode og veksa i Sanningi? Kvat skal gjeva honom Trøyst i Ulukka og Kraft, naar Dauden kjem? Han er ei verjelaus Menneskja, som Syndi med si myrdande Magt kann taka paa fraa alle Sidor, Syndi kann saara honom og riva honom med som ein Træl fraa ein Daarskap til hin, fraa ei Illgjerd til ei onnor og reint øydeleggja honom. Det er mange, som ikkje kanna Verdet og Krafti i den sanne Bøni, avdi dei anten ikkje beda elder beda illa; dei liva difyre fram i sitt eiget forvende Sinn og trakka paa si eigi Saalefrelsa. Derav kjem deira Ufred i Hjartat, deira Vreide og Harming, deira Klaging og Knurring mot Gud _ ja heile deira Gudløysa. Gud segjer um slike Menneskjor: ”Dei fara fraa m e g, den livande Kjelda”; og Jesus segjer: ”De vilja ikkje koma til meg, at de kunna eiga Livet hjaa meg”.

 

Men ser ein til den andre Sida, vil ein finna, at dei sanne Kristne, desse glade og

 

 

-5-

 

heilage Menneskjor, ved Bøni hava fenget alt det gode dei njota, av Gud. Fyrr dei bad, var ogso dei tome og blinde liksom dei hine som ikkje er umvende. Men daa dei saart fekk kjenna si Armod og sine Syndasaar, kvat gjorde dei so? leitade dei etter Trøyst hjaa Menneskjor? Elder slo dei det burt i Vedr og Vind ved faafengde Ting? Nei dei kastade seg ned fyre den livande Guds Føter og bad um Hjelp og Forlating fyre Synderne og um Kraft til aa verta nyskapte i sitt Sinds Ande. So timdest deim det dei vilde. Avdi dei nærmade seg til Gud, so nærmade Gud seg til deim. Avdi dei bad, fekk dei; avdi dei leitade, fann dei; avdi dei bankade, vart det latet upp fyre deim.

 

Avdi Bøni er den einaste Vegen til aa koma i Samband med den livande Gud og, Jesus Kristus, vert ho i Guds Ord innerleg tilraadd alle Menneskjor. ”Bede allstødt og verte aldri trøytte!” sagde Frelsaren. ”Bede utan Upphald!” sagde Apostelen Paulus. Og

 

 

-6-

 

dette heve Gud bodet oss berre til vaar eigen Bate. For han veit fyreaat, kvat me turva; han treng soleids ikkje Bøni. Hans Kjærleike til oss er ogso so stor, at det ikkje er naudsynlegt, at me fyrst ved Bøni vaar røra honom til aa hjelpa og velsigna oss. Men det er hans Vilje og ei Log i hans Rike, at berre dei, som koma til honom og søkja hans Aasyn, skal finna honom og njota Frelsa og Sæla av honom. Sjølve Saki sin Samanheng fører dette med seg. For liksom eg ikkje kann læra aa kjenna ein Mann og faa nokor Gleda og Gagn av Dygdom, av Kjærleiken og Vensæla hans, naar eg ikkje sjølv gjeng burt til honom og talar med honom Andlit med Andlit, elder liksom Elden ikkje kann verma, naar eg ikkje sjølv kjem burt til honom, soleides kann Gud berre openberra sin Kjærleike og Miskunn fyre mi Saal, naar eg sjølv kjem til honom og læt Hjartat vera nær honom.

 

Bøni er soleides ikkje annat enn aa koma

 

 

Um Bøni.

 

Herre gjev oss Trong til aa beda; og lær oss aa beda rett! Amen.

 

Liksom Andardraatten er plent naudsynleg fyre vaart lekamlege Liv, so er Bøni det fyre vaart aandelege Liv. Berre ved Bøni kjem Menneskja i Samfund med den livande Gud. Berre ved Bøni lærer ho aa ausa Ljos, Liv og Fred or hans rike Naadekjelda. Den, som ikkje bed, elder som bed berre med Munnen, so Hjartat ikkje er med; og den, som kjenner Mothug mot aalvorelg og innerleg aa lyfta Saali si upp til Gud i Bøni, han viser nettupp derved, at han liver utan Gud i Verdi; han er reint blind og daud i Syndom sine. Kvat skal kunna verja ei slik Menneskja mot dei vonde Lyster og Traadomar, naar dei brjota fram? Kvat skal kunna verja honom mot dei uteljande Forføringar, som Verdi byd? Kvat skal driva

 

 

-7-

 

til Gud, til Jesus Kristus. Det er ei Tala med Saal og Munn til honom, som er nær alle Stader. Og avdi han er alle Stader, kann Menneskja alle Stader beda til honom. I Kleven, i Kyrkja, naar du er eine og bland Menneskjor, paa Marki og i Skogen elder kvar du helst mun vera, kann og torer du tala med din Gud og Frelsar; di tidare og trottugare du gjer det, di betre er det.

 

Den sælaste Lovnaden, som Gud gjev den Menneskja, som bed, er at han vil høyra Bøni. Frelsaren segjer: ”Bede, so skulo de faa, at Gleda dykkar maa verta fullkomi”. Dersom Gud ikkje vilde høyra oss, so hadde han ikkje bodet oss aa beda. Skulde det ikkje gjeva Mod og Heilhug, at den store Gud og Frelsar vil gjeva oss det, me beda um. Me trenga daa til so mangt baade fyre Lekam og Saal.

 

Men kvat skal eg beda um? Kjære Menneskja, kor kann du spyrja soleides? Veit du ikkje Nøgdi av slikt, som du ikkje

 

(Meir.)

 

Frå Fedraheimen 26.09.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum