[Tidender.] Berre Ufredsvoner.


Best det stillnar av att paa ein Kant, so logar det upp att paa ein annan. Det jamnad seg utruleg med Spanien og Tyskland og, saag det ut til. No er det lenger aust det hev yppat seg eit Skilsmaal, nedi Tyrkens Land, nedimillom Tyrkiet og Austrike.
 
Rumælien hev no paa det siste halvt voret under Tyrkiet, halvt voret sjølvstendig, Sultanen hev utnemnt Landsstyraren. Men no hev Folket gjort Uppreist og sett av Styraren, ei ny Regjering er innsett og alle vaapnføre Menn er innkallad til Heren.
 
Dei vil slaa seg i hop med Bulgarien til eit Rikje. Fyrst Alexander av Bulgarien hev latet seg ropa ut som Fyrste av Nord- og Sudbulgarien.

All Samferdsel med Tyrkiet er stengd og Grensurne vert vaktad, dei hev tilsaman ein Her paa 50,000 Mann forutan dei friviljuge.
 
Fraa Konstantinopel vert det spurt, at Tyrken er ferdug til aa senda Herar inn i Landet til aa reisa uppatt sitt eiget Velde.
 
Det ser soleis ut til, at ein Krig stend for 
Døri. Og kor vidt han kann koma, er ikkje greidt aa segja, for det er leide Greidur, naar det gjeldst Tyrkiet. Daa stend Russland paa ei Side og vil gjerne hava Konstantinopel, og so er det Austrike paa den andre Sida, som vil hava Hamnstaden Saloniki nede ved Adriaterhavet, men vert Rumælien og Bulgarien eit sterkt Rike, so vert det smaae Voner um slike Vinningar ogso.
 
Skal det gamle Tyrkarveldet hevdast, so maa det framand Hjelp. Det spyrst daa, um nokon vil vaaga seg ut. Det hev no sine Tankar England og daa, um Rusland legg seg for mykje frami. Gladstone hev no sett paa Programmet sitt at han vil tryggja Sjølvstendet aat desse Smaastatarne han. Den Ordning som no hev voret, er Beaconfields Verk.