Tvidraget.


(Del 1 av 3.)
 
Skal Semja i Vinstreflokken ganga sund no? er det mange som spør med Harm og Otte.

Fekk me Løysing paa Striden for tidleg? Hadde det voret betre, um me endaa stod under Selmers og Løvenskjold Styring? Var det einast Motstandet og Traassen, som kunne halda oss saman, so alt skal løypa vilt, naar det sluttad? Er me endaa ikkje mogne for Fridomen?

Soleis maa ein mangein Gong spyrja seg sjølv, naar ein ser det leide Tvidraget, som hev komet upp i Politikken vaar no nett framfyre Stortingsvali.

Var det endaa visse Saker, som dei skilde seg i, so at det hadde nokon Grunn! Var det endaa, at det maatte vera so, at her maatte veksa upp fleire Program Side um Side, so kunne ein ikkje havt slik Grunn til aa syta.

Men det er det merkjelege, at det er ikkje nokre slike serskilde Program, alle er samde at Programmet skal vera aa stydja Ministeriet Sverdrup.

Sitt Upphav hev dette Tvidraget fraa Kiellands-saki, ei Sak, som galdt eit Godtgjerings-spursmaal og difor skulde synast aa vera uskikkat til aa valda noko større Skilsmaal enn ei onnor Skyns-sak. Og det hadde vist ikkje vortet noko meir utav det helder, hadde dei ikkje voret andre Umstende attaat.

Men Saki var den, at Høgre lenge hev sett ut det, at Vinstrepolitikken var ukristeleg. Og det var mange Vinstre-tingmenner, som var leide for eit slikt Ord, og vilde gjerne visa, at det ikkje var sant, for deira Del iallfall. Men det visar best, kor grunnlaus den Skuldringi var, at ikkje i nokor Sak var det mogelegt aa faa so mykje som visa, um ein var med elder mot Kristendomen. So rein sakleg og bygd paa eigne Grunnar, so fri for Tendensar i det religiøse hadde Politikken vaar voret. Endeleg maatte dei velja seg ut ei Sak og leggja Kristendomsspursmaalet inni, dei som var rædde for at Skuldingi for Gudløyse skulde verka skræmande paa Folket. So tok dei Kiellands-saki (fordi det er haldet for at han er Fritenkjar), og der fekk dei baade tala og røysta paa ein Maate, som skulde visa Folket, at dei ikkje heldt med Fritenkjarskapen.

Og dermed skudle ein tru, at alle maatte hava fenget sitt Nøgje, og at det var Slutt med dette.

Men gøymt er ikkje gløymt. Her er saatt for væl, til at me ikkje skulde sjaa Frukterne, naar Hausten kom.

Her er fyrst saatt med Teologi og Prestevisdom igjenom mange Aar utgjenom heile Landet. Og Presteveldet hadde grodt seg fast. So kom Fritenkjaranne med si Hæding og Egging og straadde Tvil og Vonløyse all Stad, der det var nokonlunde saahævt.

Paa den eine Sida gamall Einvisdom og Trongsyn, paa den andre ungdomleg Sprenghug og Ofse _ og ingen som kunne reisa høg nok Fane imillom dei til sonande Arbeid. Daa var Heppa den, at Politikken kom som ein Stormvind yver Landet og fridde oss fraa aa koma inn i den religiøse Fanatismes upprivande og samfundstynande Strid. Og Landet kom verkeleg paa ein god Veg, friske Tankar kom ut millom Folket, Aatgjerder og Umbøter i alle Greiner, jamt Framstig vart paaemnad i heile vaart Aandsliv og Samfundsstell. Sakerne vart yvertenkte og granska utan Umsyn paa kor Tanken kom ifraa, elder kven som sette Spursmaalet fram, det vart berre set paa Saki si eigne Grunnar. Me var paa gode Vegjer til aa verta eit Framgangsfolk av dei fyrste.

Men no, naar den politiske Rørsla hev lagt seg, tykkjest det koma fram leide Teikn paa, at Arbeidet skal stadna og at ottsame Skilsmaal igjen skal koma upp.

Kven hev Skuldi? Er det den gamle Prestedomen og teologiske Einveldet, som naudsynleg maa koma med eit Atterslag? Elder er det Fritenkjaranne som hev ørt og øst upp so mykje, at det maa eingong brjota laust? Eg vil ikkje tala um Fyrrtidi og innlata meg paa nokon sovoren granskande Dom. Eg vil berre halda meg til Stellingi, som no er, og freista eit sonande Ord, med di eg er full av otte for dei Ting, som maatte koma, soframt me ikkje tek det med Vit og Ro, medan det endaa er Tid til det. Eg ser paa Stellingi i Danmark, og fæler at det vilde verta ti Gong verre her hjaa oss um det bar upp i Tvidrag med Politikken og Samfundsutviklingi vaar for Skuld religiøse Synsmaatar.

( Meir.)