Tidender.

 
Kristiania, den 4de August.

Sokneprest  Hesselberg i Kristiania er daaen. Han døydde paa Sanatoriet i Gausdal 53 Aar gamall.


Landsdomar  Thambs paa Voss er daaen.


Statsraad  Kildal hev voret paa Reis heilt upp til Finnmorki, han vilde sjaa etter, korleis det er lagat med Kvænarne.


Statsraad  Motzfeldt vil ikkje taka imot Gjenval som Stortingsmann meir, segjer han.


Oberstløytnant  Hjort hev sagt fraa seg Arbeidet i Militærkommissjonen. Han skal mislika aa arbeida samen med dei andre Medlemmerne, som ikkje hev Godviljen for det Lovframlegget, som dei skal vera med og faa istand.


I Bergen er det so fullt av reisande utlendingar, at Hotelli er reint yverfløymde.


Ei av felurne hans Ole Bull er selt i Belgien for 3000 Kr.


I Glaama er det fløytt 195,000 Tylfter Timmer iaar, 5000 meir enn i fjor.