Bygdeskikk.

 
Det er sume Stader, at Bygdeskikken er so tøygjeleg, at ein mest kann fara, som han vil. Men uppi Fjellbygderne allvist er han streng, so ein kann inkje sleppa eit Stig utanum han, utan aa verta brennemerkt. Skikk for korleis ein skal tala og korleis ein skal klæda seg, og korleis ein skal fara aat i alle Livsens Høve.

Frikarsbrev utanum denne Regelen fær berre sume, som anten høyrer til kondisjoneret Stand, elder hev brennemerkt seg soleis, at dei ikkje vert vyrdande som andre. I det siste hev det væl løyst seg nokorleis, soleis at det som vert Skikk andre Stader, det kann ogso koma inn i Fjellbygderne, naar det er fleire, som er samstelt um det. Men Retten for kvar Mann til aa fara aat, som han vil, um det ogso er noko godt, den er mest like liten som fyrr. Difor er det faae elder ingen, som torer vera imot Bygdeskikken, alle er bundne av han.

Det er til mykje godt aa hava ein god Bygdeskikk, som tem den unge upp i den Livssyni, som hev vakset seg fram fraa gamle Tider, og som dei beste Menn og Kvende hev haldet uppe og fremdat. Det er ei Verjing imot all Vyrdløyse og Ukjurskap, som ein ikkje kann agta høgt nok. Naar det er so faae Lovbrot og so liten openberr Styggedom og Kallegheit av ymse Slag i Fjellbygderne, so er det mest den strenge Tvangen, som Bygdeskikken legg paa Folk, som veld dette; det finst nok likeso mange Ukjurur og Vyrdløysur der som andre Stader, um det skulde spyrjast etter det; Moralen til Kvarmann er væl ikkje høgre der enn andre Stader, men ein kjenner slik Age og Otte for Folkedomen, at det tyglar og tøymer ein utruleg væl.

Men so god som denne Bygdeskikken kann vera som Politi i Bygdi til aa halda Folk innum dei rette Grensur, so meinsleg kann han ogso vera, med di at han ikkje slepper ein einaste ein utanum Brikarne, um han er aldri so dugeleg og klok. Held Bygdeskikken Styr paa den agalause, so tek han sin Mun igjen ved det, at han meinkar dei lette Hovud i aa fljuga for fort, at han tyngjer ned Motet paa den, som vil fara lenger fram, bind sine Lekkjer um Vengjerne hans, so han ikkje naar utum dei heimlege Synsvidder, tjorar den kaate Folen, som anten maa løypa reint vilt og slita alle Ting elder so gjeva seg under. For Bygdeskikken toler aldri, at nokon vert for stor, men trengjer og trykkjer han, som Snjoen trykkjer Greini, og slepper han ikkje, fyrr han anten maa bøygja sitt kaate Mot og bresta elder bogna, elder til dess han ingen annan Utveg ser for seg enn aa ryma Bygdi. Det er berre faae, som hev Motet og Krafti til aa vinna seg Frikarsbrev av Skikk og Folkedom heime i Bygdi. Det var ynskjelegt, um det var fleire. Men daa nyttar det lite aa taka til med Brjoting og Sprenging og Krig imot alt og alle. Ein kavar daa ei liti Stund, men so ligg han der snart med brende Vengjer. Men han maa byggja paa alt det heimlege, som er godt og gagnlegt, og lata det faa Kraft i seg til aa veksa fram, so at ein lyfter Bygdeskikken med seg, samstundes med at ein sjølv stig fram.