[Tidender.] Utlandet.


England. Chamberlain, Handelsministaren var, hans Gladstone, heldt nyleg ein Tale paa eit stort Veljarmøte. Vali no, sagde han, vilde koma til aa avgjera Englands Historie for ein heil Mannsalder. Og han litte paa, at alt vilde ganga væl. For eg liter agalaust paa Fleirtalet i Folket, sagde han, paa deira Visdom og Dømekraft. Det er eg viss um, at dei store Samfundsbrestar, som dei lærde hev yverset og Statsmennerne voret raadlause med, dei vil jamnast, naar Umsuti for Folks Væl vert lagt Folket i eigne Hender, og naar dei, som lid under Skaden, sjølve fær orda seg um Raadbøterne.

Den Regjeringi, som no er, er berre ei Forretningsregjering, Høgre sit ved Styret, men det er Vinstre, som hev Magti, og var eg god til aa halda denne Regjeringi i eit fast Mindretal, so vilde eg ikkje røra Fingren min til aa støyta ho ned.

Frankrike. Ferry heldt ein lang Tale, som var lenge paaventat, um Kolonipolitikken, i fyrre Vika. Han heldt paa, at den franske Kolonipolitikken ikkje hadde noko med Tilfellet og personleg Umsyn aa gjera, men han var bygd paa gode politiske og økonomiske Grunnar. Ein maatte ikkje innlata seg paa formange slike Tiltak, utan nett naar det galdt um til aa hevda Landsens Ære. Frankrike sat med store Kapitalar, og det var tenlegt for Arbeidaranne, at Pengarne vart godt vende, og Koloniarne var dei beste Avsetningsstader for franskt Arbeid, det var ingen som hadde so stor Nytte av Koloniarne som Morlandet; sjølv Tyskland tek no til. I 15 Aar var det reist dei same Ankar imot Stellet med Algier, som ein no høyrde um Tonkin og Madagaskar, men no var det ikkje anna enn Vællæte aa høyra um Algier. Dessutan minte han um den Plikt, som Kulturfolki hev til aa uppseda dei Folki, som ligg attende.
 
Mahdiener død, Mahdien live! Mahdien døydde nyleg av Kopparne, og hev nemnt ut Systersonen sin til Etterfylgjar, og paalagde han aa halda fram i Krigen mot dei kristne; Abdullah heiter han. Han hev sjølv nemnt seg ut til Khalif, og det ser dermed ut, som um han ikkje vil vera berre religiøs men ogso verdsleg Hovding for Islam. Men det er væl mindre Von til at han vil kunne styra sine agalause Folk og faa slik framgang som den gamle Mahdien.