[Tidender.] Regjeringi


Astrup er no utnemnt til Statsraad, og skal taka det nye Dept. for offentlege Arbeid.

Astrup er lite kjend her i Landet, og hev aldri kunna voret med i Politikken, det er fyrst iaar han er heimkomen, han hev voret i Sverik mest si heile Tid. Men for det kann han vera ein dugeleg og høveleg Mann, han fær Ros og Pris av alle, som kjenner han. Mest kjend er han, fordi han er so rik; han hev vunnet Rikdomen sin sjølv ved eiget Arbeid og Stræv. Og til det krevst det sanneleg ikkje berre Slumpetreff her i desse Landi. Det skal sanneleg like so stort Arbeid og Tiltak og Ihug og Flogvit for aa koma seg fram i den Vegen som t. D. i Politikk og i Bokheim. Og her i dette landet, der den praktiske Dugleik er so litemætt, her det er so faae, som ein rett kann kalla for rette Forretningsmenn med fullt Yversyn og Umtanke paa alle Høve, her maa ein halda det for ei stor Vinning, um Statsstyringi vaar kann faa i si Tenest i ein sodan Mann som Astrup. Det er talat mykje um det no, at ved Valet av Statsraadar skulde ein berre taka politiske Umsyn, berre taka av dei Menn, som hev vunnet seg Førarstelling i Stortinget og fenget Folkestemningi med seg. Og det er visseleg rett, at dei bør brukast. Men likevæl her, naar det gjeld praktiske Ting, skulde me hava haldet det for mindre tenlegt, um dei berre hadde gjenget fram etter politiske Umsyn. Der er det nettupp slik ein Mann me treng, som hev Røynslur ifraa det praktiske Livet, som hev Umsyn paa Pengestell og Handelsgreidur, som hev det rette Forretnings-tiltaket. Og naar det som Tilfellet er ved Astrup, attaat er ein Mann, som er fullt med paa ei parlamentarisk Styring, som hev fullt Auga for vaart Folks Utvikling baade i Politikk og paa andre Leider, so hev me full Grunn til aa vera nøgde.
 
Under det nye Departement er det no avgjort, at det skal leggjast fylgjande Saker:

Ifraa Innredpt. skal det takast Veg-, Jarnveg-, Kanal- og Bygningsstellet, Brandforsikringi og andre Forsikringssaker. Ifraa Marine- og Postdpt.: Hamnestellet. Ifraa Kyrkjedept.: Tekniske Skular og den europæiske Gradmaaling.
 
Vidare er det avgjort, at Armedpt. og Marinestellet skal vera eit dept., Forsvarsdepartementet. Og at det ellest ogso skal gjerast nokre Brigde med Arbeidsfordelingi, soleis at Revisjonen av Skulesaker skal skiljast ifraa Kyrkjedepartementet og leggjast til Revisjonsdeptm., at det komunale Skattestellet skal skiljast ifraa Innredpt. og leggjast til Finansdpt., at Uppsynet med Statsskogarne og andre Grunneigendomar (so nær som Embættsgardarne) skal skiljast ifraa Finansdpt. og leggjast til Indredpt. og at Poststellet skal leggjast til Indredpt.
 
Alt dette skal koma i stand den 1ste September.