[Tidender.] Fædrelandet og Stortingsmann Konow.


Fædrelandet No. 86 hev eit Stykkje um Tingvalet for S. Bergenhus. Det vil opna Augo paa Folket der burte, so dei vel gode Menn til Tinget. 
Og det gjer det sanningskjærlege Bladet paa den Maaten, at det legg Konow Ord i Munnen, som han aldri hev sagt. Det høver ille for kristelege Folk aa velja ein Mann, der i Fritænkerne ser Samfundets Salt, segjer Bladet.

Dette er tenkt paa Konow.

Vil Fædrelandetvera so snild aa segja oss, naar Konow hev sagt dette?

Tru det inkje vilde verta i Beit daa? for Saki er den, at Konow hev aldri sagt det, som Fædrel. legg honom i Munnen. Han er i det heile ein for vitug Mann til aa segja sovoret.

Fædrelandet sigtar til Ordskiftet um Disentarsaki. Me hev leset gjenom det Konow sagde; men me finn inkje noko, som gjev Fædrel. minste Rett til aa koma med ei so grov Skulding. Konow reiknad upp fleire Menn; gode Menn og kristelege Menn alle saman, som inkje var heilt nøgde med Statskyrkja og so sagde han etterpaa, at ingen mer er Saltet i Samfundet, end de, som tænker og lever Aandens Liv frit. Tru inkje Fædrelandet og skulde vera einigt med Konow i dette? Trur det gode Bladet, at det er andre enn dei, som tenkjer og liver Aandens Liv fritt, som er Saltet i Samfundet? At Fædrelandetmed Nebb og Klo vil hava det til det, at Konow her meinte Fritenkjaranne, det er usømelegt for eit Blad, som gjeng dagstøtt med Bibelspraak i Munnen. Og det er so mykje styggare, som Bladet væl kjenner til, at Prof. Bugge lagde same vrange Tydning i Ordi hans Konow, men daa Konow høyrde det, so varde han seg mot slik Misstyding.

Me kann ellest godt skyna, at Fædrelandetvil vara Veljaranne i S. Bergenhus mot Konow; for den Ting er viss, at Konow hev hjelpt Vinstre mannelegt. Fædrel. kjem truleg endaa ihug kor langt ned Hjartet sokk hjaa Høgre, daa Konow sette Lars Dahll i Knipe.