Tidender.

 
Kristiania, den 3die Juli.
 
Tingvalet for Nordland vart haldet i Budøy igaar. Til Tingmenn vart valde: S. Nielsen og Havig med 67 Røyster, Amtsskulestyrar Wist med 59 og Handlar Ellingsen med 34. Næst desse hadde Klokkar Holm og Pastor Andersen 31 Røyster kvar. Ved Umvalet vart Holm Tingmann med 44 Røsyter. Alle er Vinstremenn.

Høgre hadde berre 4, fire Valmenn i heile Nordland denne Gongen, so det var berre so vidt, dei fekk visa Verdi, at det finst skikkelegt Folk i Nordland og.

Høgre hev rødt mykje um, at det gjekk framyver med dei; me hev no set Framgangen deira i Nordland, og det kann kanskje koma til aa syna seg utyver Hausten, at Framgangen er eins alle Stader.


England. Den Talen, som Salisbury heldt i Overhuset etter at han var vorten Ministar, syner, at det var Dronningi, som denne Gongen gjorde kva ho kunne for aa faa eit Høgreministerium. Salisbury hadde helst viljat, at Vinstre hadde Styringi til yver Valet. Gladstone hadde og lovt aa arbeida for, at England inkje skulde staa utan Styring, um Salisbury inkje vilde taka paa seg aa skipa Ministeriet. Men sovidt me kann sjaa av Talen, so arbeidde Dronningi av all Magt for aa faa Salisbury og høgre til aa nøgja seg med dei Lovnadar, Gladstone hadde gjevet, og taka Magti. Og det gjorde dei daa. Dronningi hev ellest fenget mange Knubbord i dei engelske Bladi, baade fordi ho var so braa med aa taka mot Avskilssøknaden aat Gladstone og for Framferdi hennar sidan. I England toler dei i det heile inkje det, at Statssjefen legg seg noko upp i Politikken. Det er fyrst Veljaranne og sidan dei ymse Flokkar i Tinget, som skal staaka med det, meinar dei.


Italia. Det hev voret Ministarkrise. Grunnen var den, at Tinget vart misnøgd med Utanriksministaren for Kolonialpolitikken hans. 
Det var Glede yver all Italia i Vinter, daa det kom Bod fraa England um, at Italia skulde faa Hamn og Land ved Randehavet; men det syner seg no, at det inkje var mykje aa vinna paa det. Det er baade so usunt der, at Krigsfolki, som skulde vakta paa dei nye Eignelutarne, døyr fort vek av Pest, og so er dei inkje trygge for Fiendar, kvar dei skal snu og venda seg.

Enden paa Ugreida millom Tinget og Styringi vart, at Fyrsteministaren, Depretis, skal verta staaande, og det vert truleg inkje fleire, som gjeng, enn utanriksministaren. Depretis er ein staut, gamall Mann, som hev voret med i mange Styringar. Han er den einaste, som kann faa eit fast Fleirtal um seg.
 
 
Nye riddarar . Kongen hev utnemnt Statsraadarne Blix og Arctander til Riddarar av St. Olafs-ordenen.

 
Kongshergs Skogskule sluttade sit 10de Kursus den 27de d. M. Samtlige Elevar fekk Eksamen med fylgjande Sum (av 10 _ tie _ Karakterar):
 
1. Tollejv Botne fraa Vinje (Sum) 10. 2. Halvor Askilt fraa Bø 12. 3. Søren Bakken fraa nordre Odalen 12 ½ . 4. Kristian Øvrebø fraa Slemdal 12 ½ . 5. Erling Haslebraaten fraa 
søndre Aurdal 13. 6. Thomas Saatvet fraa Sansvær 13. 7. Olav Gurrik fraa Hoff 13. 8. 
Lars Kjelland fraa Sigdal 14 ½. 9. Karl Halsnæs fraa Ski 14 ½. 10. Gunnar Heieren fraa Norderhov 17. 11. Olav Askilt fraa Bø 19 ½ .

Det vart av Læraranne og Elevarne gjensidig takkat for Samværet, og det vart uttalat, at det var sjeldan flinke Gutar, som iaar forlet Skulen; det visad og Karakterarne.


Stortingsmann H. Bentsen hev skrivet i Varden, at han inkje vil Folk skal velja paa han til Tingmann denne Gongen.


Braadaude. Ordføraren for Røken, Karlsrud, var i Drammen for aa taka Del i Amtsformannskapsforhandlingarne. Han var paa 
Møte Torsdag Formiddag; men daa det leid mot Middagen tok han til aa verta sjuk, og daa han hadde etet, laut han leggja seg. Fredag etter Middag døydde han.


I Jylland hev det voret fælt Uver med Tordyn og Nedburd. Mange Gardar er nedbrende og mange Kretur ihelslegne.


Ulukke i ein Luftbalon . Ein Balon, som nett var fyllt med Gass skulde for noko sidan stiga tilvers i Virginia. Men i det sama kom han burt mot Omnen, der dei lagad Gassen og fatad Varme. Dei, som heldt i Togi vart redde og slepte, og den brennande Balonen med Skipparne i gjekk 1000 Fot upp i Lufti. Daa hadde det bronnet Hol paa Balonen og Skipparen datt ned og slog seg ihel.


Takk for sist. Fyrstinne Pauline Metternich var for ei Tid sidan paa Vitjing. Ho var daa so uheppi aa missa ei av Laustennerne sine. Ho bar seg ille for dette, og dei leitte alle Stader, der dei hadde Von um aa finna Tonni; men det var til ingi Nytte. Næste Dagen kom det ein Pakke til henne og eit Brev. Brevskrivaren var svært glad, sagde han, fordi han hadde funnet att den kostsame Tonni aat Fyrstinna, og at han no kunne hava den Æra aa senda henne den. Fyrstinna opnad pakken, og der laag det ei diger Uksetonn.

Brevskrivaren hadde inkje sett noko Namn under Brevet; men Fyrstinna kom likevæl etter, kvem det var. Ho sette seg daa til aa skriva Brev til honom; ho hadde fyrr havt mange Prov paa Venskapen hans, skreiv ho, men at han hadde so godt Hjartelag for henne, at han for hennar Skuld vilde draga or seg ei av Tennerne sine, det var meir enn ho hadde ventat.