Stortingsvali.


(Korleis Folkeviljen skal koma fram).

III.

(Framhald).
 
(Del 6 av 9. Fyrste delen.

I gamle Dagar valde dei den til Ordførar i Bygdi, som var best til aa skriva for seg, og millom Ordføraranne fann dei helst Stortingsemni sine. Det var daa helst Embættesmenn, som hadde Kans til aa koma fram, daa det var dei, som hadde mest Øving i sovoret. Men so vart Bønderne ogso so skriveføre, at dei vart tekne, og det vart so mange dugande Menn, at det ikkje berre vart leitat etter dei, som kunne gjera det til Tingmannsarbeidet, for Skuld Dugleiken, men dei tok til aa velja og vanda og vilde finna fram dei som var høvelegste for Skuld Meiningarne, dei som best kunne hevda Bondens Sak paa Tinget, dei som baade var visaste og klokaste og som Folk hadde Tillit aat i alle Maatar, at dei var gjæve Menn og at dei ikkje vilde gjeva burt si Stemme til noko faadugelegt Verk elder bøygja Ryggen sin anten for Last elder Lovord. So daa denne Bendingi i Politikken kom, var det ikkje einast Dugleiken, men meir Stødleiken, dei spurde um, og Ordhegdi og Hardhugen til aa dragast kallege med Høgre og faa stogga Radikalismen og faa Fred i Landet. Og daa dei gjorde Verket sitt godt, er det mange som meiner, at no er det ogso best aa senda i 
Vegen att nett dei same Menn som fyrr. Det er Menn, som hev røynt Stortingslivet og komet seg inn i Formerne.

Men eg trur, at ein skal ikkje ansa etter sovoret.

Ein maa agta seg for den Tankegangen, som hev komet inn dei siste Aari, at Tingmannsverket er likesom eit anna Embætte; naar ein hev komet inn i det, so skal det likesom vera ei Skam elder ein Mannamink for honom, um dei ikkje vel han uppatt, naar han daa ikkje hev faret galet i nokon Maate. No hev væl dette havt sine Grunnar i dei siste Aari; dei Menn, som hadde komet inn i Striden, skulde ogso føra han til Endes. Men 
no, naar det gamle er jamnat, so er det annleis laga. Ein skal ikkje tenkja som so, at naar ein Mann hev setet so og so lenge paa Tinget, so er det vondt aa kasta han, sjølv um han i ymse Saker kann hava faaret annleis enn Veljaranne kunne ynskja; ein skal ikkje taka det Slag personlege elder andre Hensyn ved slike Val, berre velja paa den, som ein trur er høvelegst for Tidi, anten han so er ny elder gamall. Um det no er ein som er so lagad, at han vil vera ein Tolk for Folkestemningi, men maa tøygja sine personlege Meiningar, um han skal vera gjæv for andre, so er han ikkje høveleg. Det hev jamvæl hendt, at Tingmenn, hev maatt røystat imot si eigi Meining, fordi dei trudde at det var deira Pligt helder aa fara etter det, som dei viste var Stemningi heime. Og alle slike Mishøve er meinslege. Daa er det likare aa hava ein, som held fast paa si eigi Meining, um han og misfer, so ser daa Veljaranne greidt, koss han er lagad; anten dei daa likar elder mislikar han, so vil dei daa hava Tillit til han, imot naar det er ein so sløgg og sleip, at ingen retteleg fær Tak paa han.

Det krevst baade Delarne av ein høveleg Tingmann, baade at han er ein sjølvstendig Mann med personlege Meiningar i alle Maatar, og at han samfell med Folkemeiningi. No finst det væl sume, som er so lagad, at um dei kjem i aldri so mange Høve, so kann dei vera dei same; um dei kjem aldri so langt ifraa, so kann dei vera like trugne mot sine Heimbygdingar. Men med Folk flest vil det vera so, at naar dei hev haldet seg i Kristiania i nokre Aar, so vil dei ofte veksa so ifraa Bygdefolket sitt, at dei vert meir som Byfolk enn som Bønder, og dei kann væl gjera Framgang i Arbeidsførleik, men ikkje i aa repræsentera Bygderne. Fyrr var det stundom reint leidt med sume; fyrst dei vart jamlegt bedne i Grosserarlag, vart dei so fluse med Statens Midlar, at det var ikkje Lag paa det. Dei stend seg alltid for den Sjampanjesprøyten no, men likevæl vil Politikken deira snart faa ein uheimleg Svip, naar dei vert sitjande paa Tinget for lenge, og dei vert upptærde av dei dauvlege parlamentariske Formerne, so det vert berre keidsamt baade for den som skal høyra paa og som skal lesa um det.

Naar det vart noko meir Skifte paa Tingmenn, so vilde Folket vera betre repræsentera, og der vilde koma mykje meir Friskleik og Kraft og Mot og Tiltak inn i Stortinget, mindre Ræddhug og Otte for Verdi, kanskje meir personlegt Andsvar. Ingen Hovding vilde kunna hava so lett for aa skapa Flokkar og Fylgjersveinar kringum seg; alt vilde gaa meir jamnt i Samhøve millom Folkestemningi og kvar Tingmanns Hus.

Bygderne vilde faa større Rikdom paa duglege Menn, som var uppvande med Politikk i Stortingslivet.

Allvist no, naar gamel Tider er endad og nye skal grunnleggjast, vilde det ikkje vera noko faarlegt, um det vart ein Del nye Menn. 
 
( Meir.