Ein Kyrkjesundag.

 

Det var uppe i ein trong Fjelldal der vestpaa, høge Fjell rundt ikring paa alle Kantar og Snøen laag kvit og rein paa Topparne. Det var so stillt aa sjaa ned paa Vatnet, som laag djupt dernede og blenkte i Solskinet. 
Det var tidlegt paa Dagen enno, ein mild Sumarmorgon. Folket budde seg til Kyrkjeferd; Kvendi tok sine venaste Skaut paa og Salmebok i Klædet; snart rodde me nedetter vatnet. Den eine Baaten etter den andre kom etter; rolegt og stille seig me fram; det var slik ein Sundagsfred baade yver oss og Landskapet. Me hadde kring tri Fjordungs Veg aa ro, og eit lite Stykkje aa gaa; snart naadde me fram til Kyrkja. Naar ein elles gjeng gjenom Dalen, kunde ein tru det var mest folketomt der; men i dag opnar dei tusund Heimarne seg; og unge og gamle skal aat Kyrkja, det er Konfirmasjonsdag i dag; og det er ein gamal Skikk i Bygdi, at alle skal til Kyrkja paa ein sovoren Dag.

 

Me venta lengje paa Presten, endeleg kom han, det var ein høg, streng Mann med brunt Skjegg; han bar Brillur, han helste paa nokre av Bønderne, helst dei rikaste i Bygdi og skreid so inn i Kyrkja. Det er eit undarlegt Liv mangein Gong dei fører slike Embættsmenn Landet kring. Dei stend so einsame og for seg sjølve, sjeldan hev dei Lag med Bønderne, utanfor Arbeidet sitt daa; og det er so rimelegt det, der det skil so mykje i Tenkjemaate og Meiningar; dei forstend ikkje Bonden og Bonden forstend ikkje dei. Herav kjem den saare Striden som alltid hev vore millom Bonden og Embættsmannen. Og der sit dei paa Gardarne sine, Aar ut og Aar inn, framande i sin eigen Heim, og kann dei ikkje skaffa seg aandeleg Føde utanfraa, so maa dei gaa under, visna burt aandeleg talt. Me gjekk inn i Kyrkja og so byrja Gudstenesten.

 

Det er underlegt aa koma inn i ei Kyrkje upp slik ei Fjellbygd. Utanfor Kyrkja og alle Stader elles høyrer du det friske klingande Fjellmaalet; men med det sama du set Foten innanfor Kyrkjedøri, slær det stive framande Bokmaal imot deg som ein kald Gufs; du kjenner deg so framand inne i dette huset som skulde vera heimlegt og kjenslegt. Paa fyrste Benken sit Konfirmasjonsborni, dei er bleike og nedtrykkte; ein kann liksom sjaa paa dei alt det Stræv og alt det Arbeid, dei hev havt, med aa læra Pontoppidans lærde Forklaaring.

 

Det er ikkje Glede som her lyser deg i møte, Glede yver den Dag, som skulde vera ein Festdag for dei; det ligg Tyngsel yver dei.

 

Og so som desse Born var, so var vel ogso Foreldri deira paa sin Konfirmasjonsdag, so hev det vore Slegt etter Slegt, og so vil det vera til dess Konfirmasjonen blir teken paa ein heilt annan Maate, og til den blir ei heilt ut fri Sak.

 

Presten tok til med Preika, det var mange teologiske Talemaatar og mange Skræmebilæte um Helvete og Straff, men lite av den hugvarme Kristendom, lite um den milde kjærlege Gud, som segjer, at me skal lova honom med eit gladt Hjarta. Gud var her gjort til den harde Domar, som vaktar paa kvart Feilsteg, som Menneskjet gjer; ja etter den Talen skulde ein mest tru, at det ikkje kunne finnast ein skapleg Tanke hjaa ein einaste Mann. Heile denne Heimen blei gjort til ei einaste Røvarhole. So tala han um Konfirmasjonen, som ein Dag der Borni skulde velja millom Himel og Helvete, millom Liv og Daud. Korleis kunne han det? Han visste daa so godt at her ikkje er Tale um noko Val. Han visste at Borni maatte bli konfirmera um dei vilde fram i Verdi, og han visste at Spursmaalet um ein skal vera kristen elder ikkje, vanlegt ikkje kjem i den Alderen, men langt seinare. Han dreiv paa og dreiv paa. Konfirmasjonsborni tok til aa graata, og snart gjekk det som Skjelterider gjenom dei allesaman. Det var ein Ynk aa sjaa paa; eg ynskte meg væl ute av Kyrkja.

 

Endeleg sluttad Preika og Yverhøyringi tok til. Presten tok eit Bibelord til Grunnlag, og detta skulde daa Borni greida ut um, men dei kunne nok ikkje greida det dei Stakkar; og det kunne og vera vondt, det var eit av dei vandaste Bibelord me hev; Presten meinte nok no paa at det var so simpelt og einfaldugt alt saman han, naar ein berre tenkte seg væl um. Det var den sama teologiske Dogmatik, her som i Preika: Det var vridne teologiske Fortolkningar, Inndeling av Bibelordet i so og so mange Lutar, og til kvar Lut var det daa eit anna Bibelord, som skulde svara. Det gjekk traatt og seint, det var meint paa aa vera ei Samtale millom Presten og Borni, men det var nok Presten, som tala mest heile Tidi; ender og daa kunne han faa eit Ord til Svar, eit Ord i Slutningi av ei Remse, daa svara Borni gjerne i Kor allesaman paa ein Gong, og mange Gonger var det galet det Ordet ogso. Det var paa denne Maaten Borni synte, kor godt dei forstod den livande Kristendom.

 

Endeleg vart det ogso slutt med Yverhøyringi, og Borni skulde fram for Altaret. Men fyrst heldt Presten ein lang tale att. Og det var underlege Ord me no fekk høyra. Han talad um Konfirmasjonen og um det vigtige Stiget Borni no skulde gjera. Det høyrdest mest ut som han meinte, at Konfirmasjonen var innstifta av Gud sjølv og at det var ei likso vigtig Handling som Daapen og vel so det. Og no tok han uppatt alle desse harde Ord fraa Preika. 
Han tala høgre og høgre; Maalet hans vart haast og skjerande og han dreiv paa og dreiv paa, Konfirmasjonsborni storgreet; han fekk dei upp i eit Slags ”ekstatisk” Tilstand, og det var ikkje fritt for, at dei vaksne rundt ikring i Kyrkja tok til Graaten dei og.

 

Eg saag meg um for aa koma ut, eg heldt det mest ikkje ut, men det var ikkje moglegt, eg laut sitja der eg sat.

 

No slutad Presten og Konfirmasjonshandlingi gjekk for seg.

 

Stillt og rolegt gjekk me ut av Kyrkja; eg drog Anden djupt. Men ikkje eingong ute var det no som fyrr; Vinden tok og ruska i Kyrkja som um han vilde riva henne ned og svarte Yversskyer truga mot Vest. Kva tru Bygdefolket segjer um denna Maaten aa taka sovorne Ting paa? Dei gjekk rolegt og stillt som um ingen Ting hadde hendt. Det var som um alting var, som det skulde vera. Det gruste i meg, skulde daa eg vera den einaste, som stygdest? Kvifor tolde dei sovoret? Sjaa der gjeng han

helsande og smilande, mest til dei som er rike!

 

Alle var rolege; Presten gjekk med smaa Steg burtetter Vegen heimatt. Han gjeng der so sigersæl og byrg. Det fell ikkje so mykje som ein Tanke paa Honom, at det skulde vera annarleids. Snart sit han heime ved Middagsbordet og talar um Konfirmantarne sine; idag var han viss paa, at dei gjekk til Altaret med fullt Aalvor; det hadde han sytt for, det ligg ein glad Smil kring Munnen hans; han er nøgd med Arbeidet sitt i dag, Presten.

 

Rolv.

 

Frå Fedraheimen 04.07.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum