[Tidender.] Hæderlige Midler:


At Morgenbl. inkje likar Statsministar Sverdrup, det er no noko, som ingen Mann i Landet undrar seg paa. Men at Morgbl. skal vera skamlaust nok til aa søkja etter Hjelp i Sverike mot Sverdup, det skulde ein inkje venta no, daa det hev havt fleire Prov paa, at Fleirtalet der i Landet inkje bryr seg um aa gaa Erender for Chr. Friele. Men Morgbl. driv paa, eingong maa det væl sæta, tenkjer det truleg.

Det er den Ordningi, Sverdrup og Kongen er vortne samde um, med utanrikske Saker, som Bladet rider paa. Ein skulde vona, at kvar Nordmann var glad i, at me her kom paa like Fot med Broderlandet, anten so dei, som arbeidde for dette var kvar Manns Ven elder inkje. Men Morgenbl. er so blindt i Striden sin mot Sverdrup, at det tek endaa denne Saki til aa arbeida mot sin gamle Fiende med. Bladet hev haldet den eine Preika etter den andre um, at Sverdrup inkje hev voret fin nok mot Sverike; serleg var det ein Tale, som Sverdrup heldt i Tinget um dette, som skulde vera so reint saarande for Svenskarne. Og svenske Høgreblad gjev Morgbl. rett og segjer, at dei hev fenget ilt av Ordi hans Sverdrup. Morgenbl. hev og teket upp utan Motmerknader mange Stykkje fraa desse same svenske Høgrebladi, der baade Sverdrup og Nordmennerne er umskrivne paa ein raa Maate. Ved slik Framferd trur det, at det skal koma Sverdrup tillivs og gjera honom umogeleg som Statsministar. For det skal mykje til fyrr Morgenbl. skjemmest.

Ellest er inkje denne Skrivingi aat Morgenbl. i minste Maate faarleg for Nordmennerne. Han viser berre, korleis Høgres hæderlige Midler ser ut og at Friele hev dei sama Vener i Sverike no, som han hadde, daa han raadde Kongen til aa gjera Statskup. Inkje noko meir. Det store Fleirtal i Sverike læt seg inkje binda noko paa Ermi av Morgenbl. Det held paa Unionen og det, som Unionen pliktar mot baade Landi.