Tidender.


Kristiania, den 9de Juni.

Diktarløn aat Kjelland. Det er berre ein 
Mann i Gasjenemndi, som vil gjeva Kjelland Diktarløn, det er H. Bentsen. Dei andre 8 er samstelte, baade Høgre og Vinstre, at han inkje skal hava. Det er sume av dei, som er imot Diktarløner i det heile, men alle er de enige i at anse det betænkeligt om Staten skulde understøtte og med sin Anerkjendelse stemple en Forfattervirksomhed, som ialfald til dels formenes at staa i Modsætning til de inden Nationen herskende moralske og religiøse Begreber.

Bentsen meiner, at Spursmaalet um Diktarløner skal gjevast, maa vera greidt, sidan Stortinget hev gjevet 5 slike Løner fyrr. Han meiner, at Kjelland ikkje hev stelt seg som ein Dissentar til Samfundet, men kvar som hev leset Skrifterne hans med Umtanke, meiner han vil finna, at Kjelland hev Evne til aa kvessa Andsvarskjensla aat Folk. Og helder inkje hev Kjelland nokon Gong, meiner han, gjort nokor sovori Vedkjenning um Kristendomen, som kunne visa honom som ein Kristendoms-motstandar. Han meiner, at det maa vera so mykje meir Grunn til aa gjeva honom Diktarløn, fordi Kjelland lid Tap ved det, at Utlendingen reiser med Bøkerne hans, utan at han fær ein Skilling.


ABC paa Landsmaalet . Det er innkomet 4 ABC-Utkast til det Norske Samlaget. Kyrkjedeptm. hev godkjent Skulestyrar Jespersen, Kand. St. Frich og Kyrkjesongar Olav Sveinsson til Bokdomarar.


17de Generalforsamlingi for det Norske Misjonsselskapet vart haldi i Frimurarlosjen Torsdag, Fredag og Laurdag. Paalag 500 Utsendingar hadde møtt fram. Sven Brun vart vald til Ordstyrar. Fyrste Saki var um aa faa istand ei Pensjonskasse for Misjonærar . Det vart upplyst, at ein Misjonsven (ein Svenske, som vil vera unemnd) hadde gjevet Kr. 200,000 til ei slik Kassa, men soleis, at han vilde hava Renturne av Pengarne sjølv, so lenge han livde. 
Etter noko Ordskifte vart det vedteket ein Lov paa 9 §§. § 2 gjekk ut paa, at Misjonsselskapet skulde taka millom Tiende _ og Tredivtedelen av Aarsinnkomurne sine og leggja til Pensjonskassa, og av Yverskotet ellest kann ogso Generalforsamlingi taka og leggja aat Pensjonskassa. Av Yverskotet for dei siste 3 Aar vart det vedteket, at dei skulde leggja Kr. 60,000 til Pensjonskassa. _ Sidan talad dei noko um Misjonsskulen, og gjorde eit Vedtak um, at dei faste Emissærpostar skulde dragast inn. Eit Forslag um at Kristiania Misjonsring skal delast i tvo: 
Kristiania og Hamars Misjonsring. Eit Framlegg um Innspeksjon paa Misjonsmarki vart inkje vedteket.


Trondheims Stiftsmøte valde til Utsendingar ved Landsmøtet: Biskop Laache, Prestarne Schjelderup, Høyer og Hval. Emissær Faste Svendsen, Gardbrukar P. Rakstang, Lærar Flønæs, Bestyrar H. Olsen, Gardbrukar Brurak, Arsenalforvaltar Hagen, Lærar A. Forfang og Inspektør Solberg.


Det nye Misjonskipet Paulus vart vigt um Fredagseftan. Sokneprest Sven Brun heldt Talen. Han minte um, at Misjonskipet skulde vera som ein Bindeled millom Kyrkjelyden her heime og Misjonsmarki, og korleis Eliezer, som det vart samlat friviljugt Pengar til i 60aari, hadde verka i so Maate. Det var gamle Eliezer, som hadde tent upp Paulus, som no ikkje kostad Misjonskassa det Grand. Liksom Uppfyllnaden er betre enn Lovnaden, so er ogso Paulus eit betre Namn enn Eliezer; han ynskte Guds Vælsigning yver Skipet.


Utnemningar. Biskop Smitt er utnemnd til Biskop i Kristiansand. Komandørkaptein Ihlen hev vortet Komandør. Fullmegtig Palludan til Fut i Valdris.


Stiftsmøtet i Trondheim var det ikkje rart med. Paa dei fleste Bygderne var det ikkje meir enn 20 _30, som hadde voret med og valt Utsendingar. Dei andre hadde anten gjort Motlegg elder haldet seg heime.


Um Arbeidarsaki hev Kyrkjesongar Fedje haldet tvo Fyredrag i Arbeidarsamfundet. Han heldt fram, at Arbeidaren maatte venja seg til aa spara meir, og at dei ikkje maa gifta seg so tidleg. Han trudde, at det var ikkje so stor Trong hjaa Arbeidaren etter Røysterett, som etter Mat.


Folkemøte skal haldast paa Kongsvinger den 19de og 20de og i Elvrom den 22de og 23de Juni. V. Ullmann, O. Arvesen og A. Jacobsen skal tala.


Vinstresamlaget i Telefylkjet held Aarsmøte sitt i Seljord den 5te og 6te Juli. Samstundes Folkemøte.


Kvalen vert aasøkjen og er leid med Baatar og Dampskip, klagar dei uppi Vardøy. Eit Dampskip vart so sundslegjet av ein Kval, at det var med Naud det kunne berga seg.


Bandaksvatnet i Telemork er mælt av Amund Helland, det er 211 Meter djupt, Kvitsjø er like so djup og Flaavatn 101 M. Botnen av Bandak og Kvitsjø ligg soleis 148 M. under Havflata.


Nora Nr. 4 hev komi ut. Innhald: Speidaren av Alphonse Daudet. _ Kolbrennarguten av Gejer. _ Matmunen i ymse Slag. _ Nytt i Maalvegen. _ Boksjaa.

 
Utvandringi. Inman Liniens kgl. Postdampskip City of Chister kom til Newyork den 5te Juni med dei som reiste fraa Kristiania den 22de Mai. Alt væl.

 
Drivis. Det skal vera svært mykje Drivis i Atlanterhavet iaar. Mange Skip, som hev voret paa Reis fraa elder til Amerika hev voret ille ute. Føraren av den engelske Dampbaat Critic melder soleis, at det ein Dag med ein Gong vart svært kaldt, og Skodda vart tett. Han skynad daa, at det var Drivis i Nermonom. Ikring Midnatt vart dei var, at Skipet paa alle Kantar var innringat av Isfjell. Det var Drivis so langt dei kunde sjaa fraa Mastetoppen, mange hundrade Isfjell, som var fraa 700 til 1000 Fot høge. 
Kvar Stundi kunde ein venta, at Skipet vilde verta øydelagt av Isen, og Skipsfolki laut arbeida alt dei orkad for aa halda den verste Faaren burte. Fyrst daa dei hadde drivet i Isen i 60 Timar opnad det seg ei breid Raas, so Skipet kom seg i rom Sjø att. Eit annat Skip var og i Isen sama Gongen, og det bergad seg so vidt det var det og. Føraren av eit annat Skip fortel, at han einstad saag 13 Isfjell, som var paaleg 200 Fot høge og 1500 Fot lange. Han stemnde mot sud og kom seg undan.


Pengar i havet . I desse Dagar reiser det Dukkarar fraa Liverpool til dei kanariske Øyarne for aa fiska upp 200 Millionar i Gullpengar, som sokk ned der, daa Dampbaaten Alphons XIIstøytte paa eit blindt Skjer der i Nermunum i Februar. Alphonsvar eit spansk Postdampskip, som skulde til Kuba med desse Pengarne og ein Flok reisande. Folki vart berga, men baade Skipet og Pengarne sokk paa 30 Famner Vatn. Pengarne var assurerte hjaa eit Selskap, og daa Ulukka var skedd, vart Pengarne bitalte. Det er dette Selskapet, som no vil freista paa aa finna att Pengarne sine.


Eit stygt Vaapen . Ein dansk Urmakarsvein skulde reisa fraa Kristianssand til Tyskland. Han tok innum Kjøbenhavn for nokre dagar, og daa Tollfolki saag etter i Kufferten hans vart dei var, at der laag ein gamall Revolvar med 6 Laup. Dei spurde daa Urmakarsveinen um han inkje kjende Rifleloven og viste, at det var forbodet aa innføra Vaapen. Nei Fyren gjorde inkje det. Ellest hadde han havt Revolvaren fyrr han for fraa Danmark. Ein av Tollfolki saag paa den gamle Revolvaren og sagde: Det er ein stor ein; han ser stygg ut, me maa taka honom. Og det gjorde dei. Urmakarsveinen spurde, um han inkje kunne faa Revolvaren att; men det kunne han paa ingen Maate. Han spurde daa, um han aldri skulde faa honom att. Aa jau, eingong til Hausten kanske, fekk han til Svar.


Motig Gjente. I Idaho, Amerika, braut fire Bjørnar seg inn i eit Fjos og drap 64 Angorageiter. Ei Gjente, som kom til, tok ei Øks og gav Bjørnarne av den, so dei fann det rettaste aa luska sin Veg.