Rispur.


Um du vil verta sjuk so :

1. Et fort som ein Graabein og svelg Maten heil.

2. Drikk mykje attaat (iser iskaldt Vatn).

3. Drikk sterke Drykkjer, alt du orkar.

4. Drikk mykje Kaffi og Te og tugg og røyk Tobak so det siklar.

5. Sit seint uppe um Notti og ligg til Vederlag lengje um Morgonen.

6. Bruk tronge Klær, so Blode ikkje fær strøyma.

7. Bruk tunne Skor um Vinteren.

8. Vask deg aldri, so Sveitteholi i Kroppen inkje held seg opne.

9. Svelt Magen, so Klædi kann sitja des finare.

10. Gjev deg til aa sutra for inkjevetta, syta i Utrengsmaal og bli rædd for alt, legg deg til ei ovsterk Fysna og sjaa alt fraa den myrke Sida.