Litt um Idealisme.


Der er eit sterkt Hugdrag i Bondegutarne no, som gjer dei fredlause og lengtande mot noko stort og som driv dei ut fraa Heimen og inn paa andre Vegjer. Kva dei vil og kvar dei vil, veit dei inkje; men at dei vil verta noko stort, det veit dei, og dette store stend jamt framfyre dei og lokkar dei ut. Med andre ord _dei hev ein Ideal.

Dette er godt og bra; ingen kann klage yver, at Folk hev Idealar; det er dei, som skal driva Mennesket fram. Skal Arbeidet gaa med Liv og Lyst, so maa ein øine Idealet bag sit Virke, som Diktaren segjer. Men der er tvo Ting, som maa høyra til, um det skal verta væl: Idealen maa vera noko som ein verkeleg kann naa i, og det maa liggja i rette Leidi.

Naar Styremannen skal sigla etter ein Fyr millom Holmar og Skjer, so maa der fyrst og fremst veraein Fyr og inkje berre eit tomt Skin, som han tykkjest sjaa gjenom Myrket; dernæst maa Fyren visa rette leidi, hellest vil han letvint sigla paa eit Skjer og gaa under.

So her og. Men Vanlukka er, at mange av Bondegutarne hev inkje noko fast Maal. Dei vil berre ut og upp til noko stort. Det store, som dei lengta etter, serdei inkje; dei berre trur aa sjaa det som i ei Skodde langt, langt burte. Og so dreg dei ut til aa leite. Dei dreg til Seminaren, men finn det inkje der; dei dreg paa Latinskulen, men finn det inkje der; dei tek til aa lesa til Artium og trur, at naar dei kjem upp i den akademiske Heilagdom, so maa det store finnast. So les dei _ lengtar og les, svelt og for aa koma fram. So strykdei kanskje fyrste Gongen; men nettupp det er Prov paa, at der uppe maa vera noko stort, daa det er so vondt aa koma inn. So tek dei til aa lesa att. Men Magti hev minkat og Mote hev veiknat, og so stryk dei kanskje igjen. Men daa er dei Vrak; for dei er korkje Fugl hell Fisk. Det er med dei som med Smiden, som vilde til Himelrike. Dei er for smaa til aa koma inn i Heilagdomen, men for store til aa stiga ned til dei andre. Dei vil helder svelte, naar dei berre fær gaa og lugte paa den akademiske Braalen, fyrr dei vil arbeide t. D. paa ein Bondegard og faa baade Mat og Drikke; dei maa halde fram, som dei hev byrjat. Flestalle kann inkje eingong slutte, um dei vil, naar dei er komne so langt. Dei er nedsøkt i Skuld og Gjeld, so dei inkje eingong kann betale Renturne med den Løn dei fær som Arbeidare.

Bondegut! gjeng du og ber paa slike Idealar, gjeng du draumsjuk og lengtar etter noko stort i den Vegen _ kast alt slikt fraa deg. Bruk ditt gode Vit til det, som er nyttugt og gagnlegt baade for deg og Landet ditt og kast det inkje vekk paa tome Draumar. Tru gjerne paa din Ideal; men lat det liggje paa rette Plassen, lat det liggje, so at du kann arbeide mot det, medan du arbeider deg sjølv upp, og lat det inkje vera altfor stort. Eit betre Gardsstell, ein liten Hage _ mykjet og godt Tad, so du kann faa meir Konn og meir Høy _ pene, velfødde Kryter, slikt er og Idealar og væl so gode som t. d. ein Studentardusk, og det som er det bedste _ du kaster deg inkje vekk paa dei, er det so du brukar Vit og inkje bykser for hgøt um Gongen, men aular jamt og støtt.


G. Gaular .