[Tidender.] Fraa Ordskiftet um Søknaden hans E. Bruhjell.


_ Komiteen hadde innstelt paa, at Pengarne skulde gjevast, 3 Mann hadde voret imot. _ Schøyen tok upp Mindretals Meiningi og peikad paa, at det var mange Pengar, som Statskassa gav til Maalarbeidet no. Fyrst var det det gamle: til Ivar Aasen Kr. 3500, til Hans Ross Kr. 3500, til Moltke Moe Kr. 2000, til det Norske Samlaget til Bibelumsetning Kr. 1000 forutan dei Kr. 1500, som stod att fraa fyrre Aaret; dette utgjorde i alt Kr. 11500. Av nye Tillatingar kom iaar Kr. 6000 til Kursar i Landsmaal, Kr. 1000 til Høyems Bibelsoga, Kr. 4500 til Professorpost i Norsk og no Kr. 2500 aat Bruhjell. Skulde alt dette ganga, so vart det iaar gjevet nytt aat Maalarbeidet Kr. 14000¹). Dette var so mange Pengar, at ein maatte sjaa, um det inkje kunne knipast inn noko, og daa meinte han, at dette fyrst og fremst kunne gjerast med Reisepengarne aat Bruhjell. Slikt Agitasjonsarbeid heldt han korkje for høvelegt elder batelegt; og Grunnarne, som Kyrkjedeptm. og Komiteen hadde aa stydja under Framlegget med, var ogso veike. Men det kunne ikkje ganga an dette, at sosnart ein Mann kom og bankad paa Riksens Dør og fortalde, at han var Maalmann, so skulde han hava Pengar. Her var det ikkje Upplysningar nok anten um Mann elder Sak. Bruhjell skulde reisa umkring i Landdistrikterne, men han trudde etter det han hadde set av Landstingmennerne, at der trengdest det minst um noko slik Upplysning um Maaltilstandet; var det nokon Stad det kunne trengjast, so maatte det daa væl helder vera i Byarne. _ Lundfann det naturlegt, at dei som ingen Samhug hadde for Maalsaki, maatte vera imot dette, dei var det greidt maatte finna Bruhjells Arbeid skadelegt. Men han meinte, at naar Venerne av Maalsaki hadde maatt venta so lenge, fyrr dei fekk noko, so var det ikkje for mykje, som no var paakravt. Han trudde, at Arbeidet aat Bruhjell vilde hava mykje paa seg til aa greida ut for Aalmugemannen, kva Maalrørsla var for noko. Millom Ungdomen var det væl utruleg Sans for Maalsaki no, men han trudde, at Bruhjells Arbeid iser vilde vera godt for dei eldre, dei som mintest for godt den Tid, daa Morsmaalet var vanvyrdt og hædt, den Tid daa det vart haldet for vanheilagt aa sjaa Guds Ord paa Norsk. Han trudde, at denne Søknaden hadde nok aa stydja seg paa; det Norske Samlaget hadde talt til, og Styraren av Sogndals Folkehøgskule hadde haldet Bruhjell framifraa væl lagad for dette her Arbeidet, og Talaren sjølv og trudde, at Bruhjell var rette Mannen her. _ Horgen vilde minna um Ordet, at det er smukt og godt at nøies med, hvad man har faaet. Han kunne nok skyna, at dei som sat og lagad dette Landsmaalet, fann det Skriftmaalet, som me no hev, innhaldslaust, og Landsmaalet var væl eit Blomstersprog, men hadde ein Tanken klaar, so trudde han, at Folk kunne berga seg med det Maalet, som me no hev. Som no H. N. Hauge, han talad daa vist ikkje eit Maal, som Maalstrævaranne no vilde godkjenna. Skulde ein senda Bruhjell ut, so vilde det berre verta meir Stridsemne endaa enn som me hev havt. Han trudde ikkje det var verdt aa innføra Strid um dette, der det fyrr hev voret Fred. _ Bonnevie heldt seg til Schøyen, Saki var for lite grunnfest, og jamvæl um ein var Maalmann, maatte ein segja, at denne her Saki var uklar i sin Begrændsning og sit Anlæg. _ Hektoen heldt seg til Lund og meinte, at ein inkje kunne kalla Utleggi til Maalarbeidet for store. Ellest kunne ein ikkje telja i hop soleis som Schøyen, som um Løner aat slike Vitenskapsmenn som Ivar Aasen skulde ganga berre under Utlegg til Maalstrævet. Han meinte det um Maalet hans H. N. Hauge, at det ikkje kunne halda Prøve for Skriftmaalsmennerne helder. _ Skulestyrar Dahl trudde, at ein maatte ikkje spara paa Midlarne, naar det galt ei slik Sak som Maalsaki. Det var underlegt at Folk sagde, at denne her Saki var so uklaar. No var det det Norske Samlaget, som arbeidde for Maalsaki ved aa faa ut Skrifter paa Landsmaalet; og her var det Søknad um, at ein Mann skulde reisa umkring og talaum Maalet, og det var klaart, at det hadde mykje paa seg. Det var mange utgjenom Bygderne, som endaa ikkje hadde Greide paa Saki, og det ynskte Maalstrævaranne at alle norsktalande skulde faa Kunnskap um Maalet. Denne Saki stod i godt Samhøve med Pengelatingarne aat det Norske Samlaget. _ Schøyen svarad til Lund, Hektoen og Dahl. _ Saxe viste ikkje kva Slag Maal det var som Bruhjell skulde upplysa Folk um, var det Bygdemaali, elder korleis dei skulde laga Landsmaal. Var det Sognemaalet sitt, som han vilde arbeida for umkring Hamar t. D., so vilde det skada Bygdemaali der. _ Havig tykte, at Kr. 14000 var ikkje mykje, naar det galt so stor ei Sak. _ Lindstøltykte, at Lund hadde voret for streng mot dei, som var imot denne Saki; Talaren hadde røystat for dei andre Maalsakerne, som hadde voret framme iaar, men han maatte segja nei her; for ein kunne godt vera Maalven og røysta imot her; det vart formykje, um kvar Maalmann, som kom med sin Søknad, skulde faa Pengar. _ Berner fann, at Søknaden hadde Grunn nok for seg, berre ein saag kor vigtug Maalsaki var i seg sjølv. _ L. Bentsen vilde røysta imot, sidan Komiteen hadde stroket det, at Bruhjell skulde reisa paa Seminarar, Amtsskular og andre Skular. _ Øverland heldt med honom i dette. _ Statsraad Haugland heldt paa, at dei skulde vedtaka Søknaden, han meinte, at dette her berre var ein Led i Rekkja av alt det, som Stortinget fyrr hadde gjort for Maalsaki. Men han vilde ynskja, at Innstellingi hadde voret, som Departm. hadde henne, at Skularne skulde voret medtekne, for det vantad mykje paa, at Læraranne var dugelege nok i norsk til aa driva Undervisningi soleis som ho skulde drivast paa Landsmaalet. _ Statsministar Sverdrup talde ogso for, at Seminarskularne og andre Skular skulde voret medtekne i Innstellingi, han trudde, at Bruhjells Arbeide vilde falla i god Jord der. _ Lundtok so upp Regjeringsforslaget, um at Bruhjell serleg skulde verka ved ymse Skular. _ Øverlandog Lilleholdt sagde, at dei vilde ganga med paa dette. _ Jaabækvar fraa den delen av Landet, der det fyrr var trutt, at Folket talad dansk; men ogso hans Maal maatte koma med ved Daningi av Landsmaalet. Likevæl syntest han, at det vart for mykje Pengar no med ein Gong til Landsmaalet; han vilde segja: me skal koma, um ikkje so braatt. _ Reitantalad for Saki.

So vart det Avrøysting um LundsFramlegg, 60 sagde nei til det, 47 ja. Dei 47 var: Berner, Krogh, Lund, Tonning, Liljedahl, Melvær, H. M. Dahl, Juel, Saakvitne, Skaar, Konow, Helleland, H. Bentsen, Rinde, Sveinsson, Blilie, Blekastad, Mustad, Ødegaard, Jullum, Hektoen, Mortensen, Glestad, Lange, Liestøl, Lilleholt, Fløistad, Havig, S. Nielsen, Andersen, Holm, Mehus, Aarflot, O. Nilssen, Olafsen, Bjering, W. S. Dahl, Sørensen, Oftedal, Eskeland, Kolbenstvedt, Øverland, Berge, Wexelsen, L. 
M. Bentsen, Sæter og Reitan.

So vart Komite-innstellingi forkastad, for den røystad 39, det var dei 47 so nær som: 
Tonning, Liljedahl, Melvær, Sørensen, Kolbenstvedt, Øverland, Wexelsen, L. M. Bentsen. Burte var: Blehr, Hansen, Hjort, Huser, Steen og Quam. Statsraad Blixvar hindrad fraa aa vera til Stades.


¹) Han gløymde aa nemna Kr. 1000 aat Lesebok paa Landsmaalet.