Vaare Bondetilstand.


Christopher Bruun har skrivet i Bladet sitt um vaare Bønder. Fedrah. har slutta seg heilt til honom.
_ Eg hadde nok og Hug til aa skriva litevetta um detta.

Eg trur Bruun har mykje Rett i det han segjer um vaare Bønder; men eg kann ikkje fullt ut sjaa, at det er berre det, han nemner, som er Skuld i dei daarlege Tider fyr vaare Bønder. Eg var difyr meint paa aa peika paa eit og annat, som ein ogso skal sjaa paa, naar ein vil døma um Stillingi aat vaare Jordbrukarar.

Fyrst er det dette med Prisarne.

Det er ikkje so, at det er 2 _3 Gonger somykje no fyr dei Varur, Bonden har aa selja, som fyrr. Er det ein Tridjepart meir, so er vel det det høgste. Det som hittildags har voret Bondens Hovudsak, aa avla Korn, er no langt mindre lønsamt en fyrr. Kornvarurne er no minst ein Tridjepart billigare enn fyrr. Skogbruket er og mindre lønsamt no. Prisarne er laage og Skogarne er uthogne. Dertil kjem, at Arbeidet er mykje dyrare. Det vil daa segja fyr dei, som ikkje har Husmenn nok fyr billig Betaling. Naar me ser paa dette, er det ikkje nokot underlegt, at det maa falla vanskelegt fyr Jordbrukaren aa klara seg.

Me er no komne til ei ny Tid i Gardsdrifti og. Ein kann ikkje lenger driva paa Rov der helder. Der skal større Umtanke og større Upplysning til fyr aa vera ein dugande Bonde og no enn fyrr.

Og det er dette Bondefolket her i Norig ikkje forstend. Det er mykje den Tru enno hjaa dei, at ein Gut, som skal bli Bonde, han treng ikkje aa læra anna enn aa reikna og skriva og lesa. Korleis han skal driva Garden, fær han sjaa av Far sin. Han treng ikkje om aa læra meir enn det. Ja det meste maa ein vel læra av Far sin; men no er det mange Ting, ein Gardbrukar maa kjenna til, som ikkje han Far kann visa honom, fordi han ikkje sjølv kann det. Likeeins er det med Bondegjenturne. Skal dei læra noko, so maa dei helst til Byen i Syskole. At dei treng aa læra seg stella eit Bondehus betre, enn Mor kann, er det som oftaste ikkje Tanke om.

Det er den Dumheit, at Bondefolk ikkje treng Upplysning um si Drift, som er Skuld i fyr ein stor Del, at Bonden no ikkje kann laga si Drift etter Tidi.


Det er helder ikkje aa undrast paa, at 
Bonden har fenget Mistru til Upplæringi i denne Vegen. Dei fyrste Landbruksskular, som kom i gang her hjaa oss, var vist ikkje vidare lagad etter vaare Høve.

Om dei Skular me no har er betre, veit eg ikkje, men det maa dei vel vera.

Det er ein stor Vant med dei, og det er, at dei er alt for kostberre fyr vaare Smaabønder. Dei er best lagad til aa upplæra Bruksfullmegtigar hjaa Embætsmenn og Pengemenn. Ein Smaabonde har ikkje Raad til aa kosta paa Sonen sin Skule fyr 8 _900 Kr., naar han ikkje kann tena igjen noko av det. Me maa faa billigare Skular fyr vaare Bønder, utan det kann ikkje mange faa Gagn av dei. Me skulde helst hava Skular til Upplysning um vaar Gardsdrift i kvart Amt. Slike Skular maatte berre vara ei 4 _5 Maanader. Paa denne Tidi kunde ein vist ikkje koma igjenom digre og lærde Bøker; men eg tenkjer, at dugande Lærarar kunde i den Tid gjeva Bondegutar ei nok so god Upplysning um korleis Jordi skal stellast til aa gjeva god Avling; korleis Kui maa stellast fyr aa gjeva god og mykje Mjølk; korleis Mjølki og Rjomen skal hava det, fyr at ein kann faa dei beste Varur av dei. Dette er Ting, som ein ikkje kann læra av seg sjølv og helder ikkje av dei, som kann likso litet, som ein sjølv. Kunde Bondegutar paa ein billeg Maate faa Upplysning um desse Ting, so vilde vaart Jordbruk koma langt fram.

Med Upplysningi um slike Ting veks ogso Kjærleiken til dei; og det ein har Hug paa, vil ein og stella betre um, baade fyr at det kann sjaa fagrare ut og gjeva meir av seg. Folk maa utviklast sovidt, at dei fær kjenna, at den som skal vera Jordbrukar, han treng liksovæl Upplæring til sit Yrkje, som ein Prest og Skrivar treng det til sitt. Det er ikke nok lenger no aa vera ein sterk Kar, ein maa ogso hava godt Vett; og dette Vettet maa og hava faatt Staalsetjing og Sliping, skal ein ikkje bli Fattigmann elder Arbeidstræl fyre andre. Naar me her i Norig har faatt ein god Upplysning utbreid til stor Delen av vaart Landsfolk, so vil det vist ikkje bli so mange, som fell i den draum, at dei skal reisa til 
Amerika og riva seg full paa eit 4 _5 Aar og so koma heim og taka Garden av Far. Daa kann dei sitja som Kaksar.

Bondegutar skulde reisa ut aa tena hjaa dugande Gardbrukarar. Derved lærer ein meir enn mange trur. Ein fær daa læra, kvat det er aa vera Tenar, og det har ein godt av.

Likso fær ein sjaa Driftsmaatar og Tilstand paa eit annat Stelle enn der, som ein er uppfødd. Ein fær høyra mangein god Tanke og sjaa mangt eit godt Grip, som er meire nyttugt, enn om ein les store Bøker. Kvat her er sagt um Gutarne gjeld ogsaa um Gjenturne. Dei maa koma med i Arbeidet fyr Framgongen dei og skal det muna nokot. 
Det er vant aa køyra, naar den eine Meien er unna. Soleis vil det og verta leit aa berga seg paa vaare smaa og magre Gardar, dersom Kjeringarne berre skal sitja heime og ingenting faa læra, helder Gjenturne berre koma paa Syskular og Middelskular og Frøkenskular.

Eg ser Ullmann skal faa istand ein Skule fyr Gjentur til Sumaren.

Det var eit godt Tiltak av denne gjilde Mannen. Det er slike Skular me maa hava baade fyr Gjentur og Gutar, skal det bli nokon Skikk paa vaart Stell i det heile.

Me maa her i Norig læra oss til aa nytta dei mange smaa Næringsveger, som hittil har voret unyttad. Landet kann sikkert føda mange fleire menneskje, enn det no gjerer, naar me berre kann læra oss til aa taka fatt betre, enn me hittildags har gjort, og naar vaare Augo blir betre oplærte til aa sjaa dei mange gode Fødeemne, som no gjeng tilspille.

Me maa faa ei sterkare og betre Tru om vaart Land. Det maa bli slutt med dette Suttre: det er ingenstad so galet som her. Jau, det er mangestader verre enn her. Det fær ein sjaa, naar ein kjem ut. _ Vaar Statskasse kom i so god Stand, daa me fekk eit Vinstre-styre, at me kunde gjeva Kronprinsen 50,000 Krunur i Tillegg.

Det hadde voret likso godt aa sjaa, at me hadde Raad til aa kosta betre Skular fyr vaare fatige Bønder og Husmenn; men so liberal er me ikkje enno.


A. N.