Tidender.


Kristiania, den 20de Marts.

Odelstinget hadde for seg ein Lov um Skjussstellet um Onsdagen. Framlegget var ifraa D. Sæter. Vegnemndi hadde innstelt paa, at det ikkje skulde vedtakast. Odelstinget sende Saki til Regjeringi.
 
 
Ny Mann. Ivar Fløystad er komen paa Tinget i Staden for Holm, som fekk Heimlov, med di han var sjuk. Yverlærar Arctander er vald inn i Lagtinget i Staden hans. Løberg er vald inn i Staden hans Kirkhorn.


Vetosaki framme att. Konstitusjonsnemndi hev gjort Innstellingi si um det Framlegget, som gjekk ut paa, at Kongen skulde hava suspensivt elder utsetande Veto i Grunnlovsaker. Dei innsteller alle saman paa, at det skal ikkje vedtakast, men det er ikkje dei same Grunnarne, dei stød seg til. Harbitz og Motzfeldt og Stang held seg til den Meining, at Kongen hev absolutt Veto og dei vil inkje taka det ifraa honom.

Men Fleirtalet (6 Mann), som gjeng ut ifraa, at Kongen ikkje hev noko slikt Veto, finn, at det no ikkje er Tid til aa lovsetja slike Ting, etter det som er hendt og uttydt um Grunnloven no i det siste. No gjeng alt so greidt, at dei finn ikkje det er verdt aa riva upp att med den Striden, det fær helder drygja til des Rikslivet roar seg noko meir.
 


Maalsaki paa Voss. Voss Vinstreforeining hadde Ordskifte um Maalsaki den 28de f. M. Formannen for Foreiningi, L. Lie , gjorde Fyremælingi og hevdad kravet um norsk Maal, og meinte at no var det god Von um, at Saki skulde vinna fram. _ Fut Danielsen fandt Maalreisningen i det hele mindre forstaaelig. Han var rædd for, at Maalsaki skulde sætte Splid mellem de forskjellige Samfundsklasser. _ Ordførar Dugstad fann, at Maalsaki hadde full Rett, allvist for Skulen sin Del. _ Lærar Haugen hadde fyrr voret imot Maalsaki, men no hadde han røynt, at Norsken var fullgodt Maal. Han trudde, at Landsmaalet snarare vilde binda i hop enn skilja sund dei ymse Samfundslagi. _ Skulestyrar Godøheldt med Professor Storm, at det var best aa halda seg til Knutsens Maalstræv. _ Amtsskulestyrar Kvalem hadde tvo Meiningar aa kalla. Som Lærar maatte han halda med Godø, men som Menneskje og Normann tykte han det var ille aa hava Danskemerkjet. _ Fut Danielsen meinte, at Saki var best tent med aa arbeida seg fram sjølv. _ Kvalem hevdad, at Stortinget laut taka Upphavstaket. _ Tilslutt gjorde Forsamlingi eit sovoret Vedtak:

Forsamlingen udtaler sin Tilslutning til de Bestræbelser, som fortiden gjøres for Landsmaalets ligestilling med Skriftsproget.

(Etter Vossebladet).


England og Tyskland er no vortne Vener og vælforlikte att. Dei trur og, at dette vil gjera, at Russen vert meir føgjeleg mot England.
 
 
Krigen i Sudan . I Byen Kassala hev det voret ein ægyptisk Her, og Mahdien fekk i lange Tider ingi Bugt med den. For nokot sidan freistad Krigsfolki aat Mahdien aa taka Byen; men dei vart burtjagde med stort Tap. Men no hev Byen lotat gjeva seg yver til Mahdien, daa Maten slapp upp.
 
 
Krigen i Kina . Franskmennerne hev framleides Vinningi, og Kina lyt væl gjeva seg, naar det lid paa.
 
 
Krunprinsparet er reist til Berlin for aa vitja den tyske Keisaren.


Det 5te nordiske Lærarmøte . Styret hev valt Ekspedisjonsskjef Knudsen til Formann og Skulestyrar Otto Andersen til Varaformann.


Til Utsendingar ved Landskyrkjemøtet i Kristiania hev Stiftsmøtet i Bergen valt 4 Prestar:
Böckmann med 238; Winsnes med 235, Hvoslef med 233 og Ingier med 103 Røyster, og 8 Legmenn: O. Irgens med 255, Grøndahl med 209, Traasdahl med 185, Bankchef Faye med 180, Refsdal med 156, I. Greve med 121, Frøysland med 120 og Syltevik med 116 Røyster.


Huslyden aat Gordon skal no faa 360,000 Krunur um Aaret av den engelske Rikskassa.


Streik. I Amerika hev Jarnvegstenaranne gjort Streik. Grunnen er den, at Løni deira vart nedsett. Alle Gosstog er no stansad paa Jarnvegarne i Illinois, Jova, Kansas, Missouri, Texas, Arkansas og Louisiana i ei Lengd av tilsaman 10,000 engelske Mil.


Jordskjelta i Spania hev gjort mangein rik Mann til Tiggar; men ho hev iminsto gjort ein Tiggar til ein rik Mann. Han aatte berre ein liten Jordflekk, men der synte seg med ein Gong ei Uppkome med varmt Svovelvatn. Kjelda ligg inkje langt fraa nokre store Bad, og Badeigaranne hev bodet Mannen mange Pengar for ho.


Uheldig Doktar. Den amerikanske Prest og Mirakeldoktar Fransson er no sett i Fangeholet i Danmark. Han hev haldet mykje paa med Preiking og Bøn og Lækjing av sjuke ved Haandspaaleggjing. Fyrst var det Song og Bøn, og so vart daa dei likamleg elder sjæleleg sjuke hadde i eit Kammers for seg sjølve, og so tok Lækjingi til. Fransson og Hjelpesmennerne hans dreiv paa med Rop og Skrik og Salving, og um ei Stund sagde dei, at den sjuke skulde takka Gud for, at han var frisk att. Vilde han inkje segja det, so sagde dei stutt og greidt, at han var vantru. Stundom laut dei sjuke klæda seg reint nakne, anten det so var Karar elder Kvende. Djevlar dreiv dei ut ved aa skraala og bera seg. Det viste seg, at Fransson inkje hev lækt ein einaste Sjuking. Den siste, han skulde lækja var ei Kjering, som var fordervabroti av Gikt, og daa tok han so hardt i daa han skulde retta Armarne og Beini hennar, at han braut av Sinjarne. Dette gjorde, at Styringi tok seg av Saki og sette honom fast.


Dag, No. 5, inneheld: Fraa gamle Dagar (av Anton Welde). _ Vaar Folkeskule. V. _ Folkemaalet og Bokmaalet. _ Ymse Tidender.


Nora. 2dre Heftet inneheld 3 Sidur meir Lesnad enn fyrste. Prisen er som fyrr, send i Posten 15 Øyror. 1ste og andre tilsamens kostar 25 Øyror. For 1 Kruna fær ein 11 Stykkje og for 2 Krunor 25 Stykkje, fritt send i Posten. Ein kann gjerne senda Frimerkje.