Nokre Ord til Maalmennerne.


Det heve ofte arga meg aa set, at so mange av Maalmennerne vaare skriv so mykje paa dansk. Me ser soleis, at kjende Maalmenn, som me hev trutt var mykje hugvarme fyr Saki, skriv den eine danske Boki etter den andre, og det eine Avisstykkje etter det andre paa dansk.

Det er ei Sanning, som Maalmennerne vel veit, at til meir eit Maal vert brukt i Skrift, til meir vil det utvikla seg, og til større og betre Bokavlen vert, til større Vyrdnad vil Maalet vinna.

Den same Regel gjelde fyr vaart Maal og. Skal det vinna fram til verkeleg Siger yver dansk-norsken, so maa det upparbeidast, og til betre det vert upparbeit og uptamt, til fleire vil det verta, som fær Trong til aa bruka det. Motstandaranne vil sjaa, at det sokalla Landsmaal heve Livekraft i seg, at det er lagelegt til Uttrykk endaa fyre dei finaste og innarste Tankar, ja at det nettupp fyre oss er det einaste laglege og høvande i den Vegen.

Naar me no vil lesa meir enn det som den norske Bokavlen gjev oss, so maa me lesa det paa dansk, og kvar ein veit kor meinslegt og heftande det er baade fyre Maale og fyr Aandsutviklingi vaar, at me skal henta vaar boklige Upplysning og Utdaning gjenom eit framant Maal.

Difyre Maalmenn, naar de skrive noko fyre Folke, so skriv allstøtt paa Folke sitt Maal. De kann væl koma til aa faa nokre færre lesarar i Fyrstningi, men det vil koma seg etter kvart. Likeeins, den som skriv i Avisurne. Han kann vel røyna, at han inkje fær Stykkje sine upptekne i sume Blad elder inkje faa noko for dei kanskje, so mykje maa ein ofra fyr Saki, og Bladmennerne vilde snart sakna Hjelpi dykkar og taka mot dykk paa norsk, for dei hev ofte sine beste Medarbeidarar i Maalmennerne, og dei agtar seg nok fyr aa tapa deim. Gjer som ein dugande Maalmann og Skulemeistar gjorde fyre nokre Aar sidan. Han fekk Uppmoding av eit Blad um aa skriva Brevsendingar til det og skulde faa Bladet fritt til Vederlag. Han skulde skriva paa dansk naturlegvis. Men han svarad, at fekk han inkje skriva paa Landsmaal, so vilde han inkje. Og det var rett. Han vilde som ein sann Normann inkje skriva dansk til sitt eige Folk. Han var som Normenn skulde vera.

Mange vil vel meina, at det er for store Offer eg krev av Maalmennerne. Men hev dei Saki verkeleg kjær, og ser kor stor ho er, so vilde dei gjerna ofra, um det var seg sjølv, og me baade hev havt og heve slike Menn; men me vil hava fleire av deim.

Jonas Eikenes