Fraa Högskulen i Telemork.


Skulen byrjad etter Jol med eit større Folkemøte den 10de og 11te Januar, og daa eg inkje hev set nokot um detta Møtet i Avisurne, so vil eg no fortelja litegrand um det, um det no er nokot seint. Det var eit gildt Møte, tykte eg, og det var møtt fram utruleg mange Folk, endaa det var stygt Vedr dei Dagarne. Av framande Talarar var her inkje andre enn Høgskulestyrar O. Kirkeberg, og honom likad me fælande godt. Det er, etter det Inntrykk me fekk av honom, ein framifraa gaaverik og varmhjartat Mann, og det var baade gripande og aaandfulle Fyredrag, dei han heldt fyr oss. Og so var han so makalaus god til aa gjera sine Fyredrag morosame. Eg vil berre nemna eit litet Døme. Han heldt eit Fyredrag um Jury, daa det var Ordskjifte um den, og blant annat, som talad fyr aa faa Juri, heldt han fram kor hjartelause mange av Juristarne var. Som eit Døme paa Folks Meining um den Ting, fortalde han ei Soga som gjekk um ein Dyrlækjar ein Stad, som var so utifraa god til aa ala upp Traavarar. Konsti hans var, at han skar ut Milten paa dei unge Hestarne, og daa vart dei so fælande lettpustat. Men so var det ein Gut, som hadde høyrt gjetet denne Dyrlækjaren og som gjerne vilde verta Frilaupar. Guten gjekk daa til honom og vilde læra aa springa. Dyrlækjaren vilde daa taka ut Milten paa Guten au, som han hadde gjort med Folarne; men daa han inkje var so væl heime der, tok han i Mist og kom daa av vanvare til aa taka Samvitet aat Guten istaden fyr Milten. Men daa saag han snart, at Guten inkje dugde til Traavar, men at han derimot vart so framifraa væl laga til aa verta Jurist. Det er inkje vondt aa skyna, kvat han meinte med detta. _

Ullmann heldt au _ som alltid framifraa gode Fyredrag.

So var det Ordskifte um Sverdrups Framlegg til Umbot i Folkeskulen. Det var ymse Meiningar um detta, men dei var alle, sovidt eg kunde skyna daa, samde um, at det var eit stort Stig frametter, um enn alle saman inkje kunde vera fullt ut med paa Sverdrups Skuletanke.

Daa Folkemøtet var slutt, byrjad daa Skulen att. Me hev inkje voret oversleg mange Elevar her i Vettr, no er me inkje meir enn 23 i alt, 15 Gutar og 8 Gjentur. Me fekk daa skipat eit litet Blad, som me hev kallat Frihug. Skulegutarne hev skiftast um aa styra det, og det hev komet ut ei Gong um Vika. Baade Gutar og Gjentur hev skrivet i det, og mange Gongjer hev det voret innsende so mange Stykkje, at Styraren hev lotet lagt i Veg med eit Tillegg.

So hev me tekjet paa med etter Jol aa samlast ein Kveld kvar Vike og fortald Eventyr. Det er hugsame Kveldar detta, daa sume er fælande gode til aa fortelja Eventyr og til aa greida ut den store Lærdomen, som mangeingong kann liggja i Eventyri.

So hev me havt Ordskifte ei Gong um Vika, og der hev det mangeigong gjenget nok so kvikt. Av dei Emni, som daa hev voret framhaldne, kann eg nemna: Maalsaki, Republikken, um Kvinna si Stilling og um Sereige millom Mann og Kjering, Fredssaki, um Drykk, Utvandringi og enno meir. No seinste Gong rødde me um, korleis me Folkehøgskulegutar og Gjentur skal bera oss aat, daa me kjem heimatt, fyr at kvar i si Heimbygd kann arbeida for Folkehøgskulens Framgong, ved aa vekkja Hugen hjaa dei Unge til aa søkja dit, og ved vaart eiget Liv prøva aa visa dei Eldre, kvat det er, ein lærer paa slike Skular. Ja, lat oss allesaman baade Gutar og Gjentur visa, at det inkje er berre aa leika, me lærer paa Høgskulen, som no mange segjer, men at me verkeleg _ som sannt er _ fær tankar, som kann duga fyr Livet! Lat oss alle setja oss det som vaart Livsmaal aa kunna gjera vaar Heim so ljos og lukkeleg, som det stend i vaar Magt. Og lat oss so prøva aa visa, at det gjeng ann aa liva eit sant Kristenliv fyrutan aa kasta fraa seg alt det, som høyrer Menneskjelivet til, og at nettupp det sannaste og reinaste Kristenliv er det, som gjeng Haand i Haand med det menneskjelege. Og eg vonar, at me ei Gong skal faa sjaa, at det inkje er berre Idealer, som svævar i det blaa, som so mange vil gjera det til, men at me seinare i Livet skal faa njota den Gleda aa sjaa vaar Ungdoms Draum verkeleggjord; fyr det er mi faste Von, at naar me berre legg vaar beste Kraft og Hug til det, me eigong hev set som vaart Livsmaal, so skal me au ei Gong vinna fram til aa naa det, um det enn kann møta oss mange Motburdar. Men lat oss fyr allting aldri tapa Trui vaar paa det fagre og Gode i Livet, og lat oss inkje, daa me kjem heimatt, gløyma burt det, me hev høyrt paa Høgskulen, men gjøyma det djupt inn i vaart Hjarta, so at det eigong kann veksa og bera ei fager Frugt!

Og so vil eg retta eit Ord til alle Folkehøgskulegutar og Gjentur i vaart Land: Lat oss alle som ein kvar i sin Krins arbeida paa aa gjera Høgskulen meir kjend og kjær ut iblandt Folket.

Høgskulen i Telemork, 14 _3 _85.

T. Aa .