Boksjaa.

 
Cammermeyers Forlag:
 
 
Dagbog for Norge for Aaret 1884. Kr. 1.00. Noko slikt som aa faa Upptegnelsar av dei vigtugaste Hendingar, for kvart Aaret kunde ikkje vera so galet. Men daa laut ein ikkje taka med baate stort og smaatt; som det er gjort i denne Sogeboki. Liksom det: Marts 2, prins Carl forlader Kristiania. Av slikt er det ein heil Mengde.

 
Den europæiske Folkeret af Prof. Holtzendorff . Oversat af Francis Hagerup . Kr. 2.40. Ei mykje forvitneleg Bok for Juristen og dei, som er noko kjend i Lovgreidur, _ ja for Folk hellest au, naar dei hev leset noko fyrr og er kjend med dei almenne Samfundsspursmaal og Setningar.

 
Om en forandret Rettergangsmaade i Straffesager med særligt Hensyn til Jurykommissionens Lovudkast af B. Getz. 176 Sider. Me skal kje her ganga nærmare inn paa det, Boki held fram. Me skal berre nemna det, at Meistaren, som De veit er Professor i Lovkunna, ikkje er mot Principet: at me maa faa Jury, men han held paa, at det skal vera Meddomsretter og ikkje Juryretter, som den kgl. Nemndi i dei største Saker vil ha. Hellest rosar han Jurynemndi sitt Framlegg i det heile, um han ikkje i mykje og mangt kann vera einig. Folk maa vera takksame mot kvar og ein, som no hjelper til aa faa Umboti i Strafferetten gjord so godt, det er Raad med, _ og denne Boki hans Getz vil visst ikkje gjera minst i den Vegen.

 
Laurviks Svovlkilde og Jod-svovl-bad, Jernkilde og Vandkuranstalt. Af Dr. J. C. Holm .

 
B. Paus & H. Lassen: Læsebog i Modersmaalet. III. Tillæg til Læsebog i Modersmaalet. III. Cammermeyer og Steens Forlag. Me hev sagt Meiningi vaar um denne Læseboki i Modersmaalet fyrr. Dette 3die Skuletrinnet er nok likt dei hine, kann ein sjaa. Av 312 Sidor er det 16 ½ paa norsk , _ umlag likso mykje som av svensk, for av det er der 15 Sidor.

- For 10 Aar sidan hadde Boki voret framifraa god. Der er ymist Lesnad, som er god, og heile Boki er gott ihopskipat. Men ho maatar ikkje aat dei norske Skularne no lenger , naar det norske Maalet er komet so langt fram, at Lærerne skal saavidt muligt undervise i Børnenes eget Maal.