[Tidender.] Lovframlegg um norske Folkenamn.

 
O. J. Høyem vil at det skal gjerast ein Lov um, at ved Daapsmeldingar skal Folk rettleidast um korleis Namni lyder i si beste norske Form. Og at ingen Prest skal kunna skriva Daapsnamnet annleis enn som det vert kravt. Og at alle som skriv offentlege Brev, skal skriva alle namn i norske Former. Og at ingen skal hava Rett til aa visa burt nokon Brevskap som er skreven paa Norsk.

Han fortel ei Soge um kor meinkrekselege Embættsfolket vaart kann vera i Namnevegen.

I 1876 var det ein Pantebokførar, som gjorde ugildt eit Skjøte for ein Mann, no i Aar gjorde han det likeeins med den nye Eigaren av Garden. Grunnen til dette var berre det, at den fyrste Eigaren, som selde Garden i 1876, hadde skrevet seg for Olav i sjølve Brevet, medan Pantebokføraren stod paa, at han skulde heita Ole, avdi at Domaren i 1860 hadde skrevet honom for Ole i Bøkerne. Endaa Mannen var kjend og hadde tvo Etternamn, so det ikkje var nokon Faare for Mistak, vilde dei soleis likevæl ikkje taka denne Olaven for den same, som den som Domaren hadde skrevet for Ole. _ Berre Vrangskap og Uvilje alt saman.

Det er vist alle samde um, at her maa verta ein Slutt paa sovoret Misbruk av Embættsmenn og andre. Men kunde det laga seg utan nokon Lov, so var det vist det beste. Allvist ved Daapsnamni trur me nok det kann greidast av seg sjølv, berre Folk hev Upplysning og Vit nok sjølve um dei norske Namneformer, og berre dei er Karar til aa halda paa sitt imot Prestens Paafunn og Fyreteljingar. Det er helst Skulemeistrarne ein skulde venta det av, at dei vilde rettleida Foreldri i Skrivemaaten.

Vert no Landsmaalet godkjent som offisielt Maal, so vil væl mange av desse Vandskarne falla burt av seg sjøvle; Embættsmennerne maa taka til Vitet og tola Norsken baade i Namn og anna, anten dei so likar det elder ikkje.