[Tidender.] Litt fraa Triungen.


(Telemork). _ Her um Sundagen hadde me Lærarmøte i eit av Skulehusi. Der hadde møtt gilt mange av Husfedrane fram au, og Orskifti var livlegt. Det eine, som der vart rødt um var Maalsaki. Fyste var ho framlagd med nokre faa Ord av ein av Læraranne. Han meinte det vilde vera godt, um her vart skift Bokmaal, so det danske kunne bli kasta og norsk innført. Likeins paavisa han, at Maalreisningstanken ikkje var ny, men hadde vori lengje uppe hjaa mange folkekjære Menn. Slutteleg trudde han, at for Skulen vilde Maalreisningi vera til største Baten, daa det vilde falla storleg lettare aa læra Bonni, naar Bøkerne vart umsette paa norsk.

Daa so hokken som vilde kunne tala, kom der fram Grunnar baade for aa mot.

Ein trudde det at skulde dei laagare Lag av Folket koma fram i Upplysning, so maatte dei faa det Maal, dei kunne skyna.

Stend ein paa Tinge og høyrer hos Skrivaren talar, so er der mykje, som ein ikkje skynar, ja eit Vitne t. D. kann ikkje faa uttrykt Meiningi si so det sanne kann koma fram. Svara vart det: Me hev klara oss med dette laante Maale so lenge, at me godt kann ha de heretter au og, so hev det vortet likeso naturlegt for oss, som det dei no vil faa inn.

Ein annan trudde det vilde bli spøkjeleg dyrt, naar Bøkerne skulde yversetjast og ein Lærar setjast med Høgskulen, og han trudde ikkje Nytten vil svara til Kostnaden.

For det meste var dei andre einige i aa arbeida for, at det norske Maale, kann bli bruka i Skulen, Kyrkja, paa Tinge og andre Stader.

Læraranne i Bygdi er alle ivrige Maalmenn og daa Fleirtale av Bønderne er Framstigsmenn, er det god Von um at denne goe Sak fær fleire aa fleire Talsmenn.


15de Mars 1885.

O. T