[Tidender.] Fraa Finnmarki


klagar dei seg yver, at det Kvænske Maalet vinn Yvertak yver Dansk-Norsken. Møter ein Kvæn fleire Nordmenn, so tvingar han alle dei til aa tala eit framandt Maal i deira eiget land. Nordmennerne tykkjest helder det er ei æra aa kunna maalføra seg i Kvænsk. Tak deg berre ein Tur til Vatsøy hamn _ skriv Vardø-Posten _ so vil du høyra dei Kvænske fæle Eidar og raae Ordetam likeso ofte fraa den rike norske Handelsmannen som fraa dne agalausaste Kvænen.

Ja soleis gjeng det med eit Folk som vaart, som endaa ikkje hev sitt eige maal. Ein kann aldri venta, at den nasjonale Ærekjensla skal vera sterk til aa verja um Dansken. Det eine Framandmaalet kann vera like so gildt som det andre, tykkjer Folk, so lenge som dei ikkje hev noko fullnorskt Maal, som dei verkeleg kann vera byrge av. Skulde det ganga i Framtidi, som det hev gjenget fyrr, kunde me snart faa sjaa, at ein Del av Folket talad Dansk, ein annan Del Svensk, ein tridje Kvænsk og kanskje ein fjorde Russisk.

Ser daa ikkje Folk det, at til Vissa i Finnmarki vilde Innføringi av fult norskt Maal vera kraftig Midel til aa hindra at denne Landsluten gjeng upp i ein framand Nasjonalitet? Men dei fyrre Styringarne vaare hev gjort sitt til aa trælka det norske Bondemaalet, men for Kvænsken hev dei gjølt og hølt. Og no er Fylgja den, at Kvænsken hev vokse seg so sterk, at det kann vera Faare for, at store Delar av Finnmarki snart vert reint avnorska. Det er Tid til, at det maa aalvorleg Yvertenkjing yver kva der skal gjerast der uppe, fyrr det vert for seint. For det er vist, at Kvenarne er tenkte paa aa faa Finnmarki under seg. Og skal det halda paa som det hev gjenget, vil det ikkje vara so reint lenge, fyrr Norsken er reint yverfløymd der. For det er Kraft og Framtak i Kvænen, betre Arbeidskar er han ofte enn Nordmannen og mykje meir smaanøgd.