[Tidender.] England og Russland.

 
Endaa er det inkje sikkert, um dei tvo Magterne kjem til aa ryka i Haari paa kvarandre elder inkje. Russen hev lovt aa halda seg roleg, dersom Avganaranne og held seg rolege; men Russen er inkje den, som tek det nøgje med ein Lovnad. Det er fleire Flokkar i Russland, som ynskjer Krig. Fyrst er det Militærpartiet, som drøymer um eit Russland, langt større enn det som no er, endaa det noverande og er drustelegt nok. So er det den lægre Adel, som hev Von um, at Krigen skal hjelpa dei til meire Magt. Og endeleg kjem dei, som hev Von um aa faa selja Varur til Heren, daa dei trur, at dei kann faa stela mest munalegt under ein Krig. Til dette kjem endaa, at det er langt fraa Petersborg til 
Grensa av Avganistan, og det er inkje altid gjort i ei braavending aa faa meldingar fraa Styringi til Herføraren der; for Telegrafen gjeng inkje so langt. Dette gjer, at Herføraranne hev vandt seg til aa handla mykje paa eigi Hand, og det kann gjerne henda, at dei gjeng endaa lenger fram, enn Styringi ynskjer. Og hev dei fyrst teket eit Steg fram, so gjeng dei inkje attende; for baade Folk og Styring hev stødt voret samde um, at nokot sovoret vilde strida mot Vyrdnaden aat so stort eit Rike.

England paa si Sida rustar seg munalegt. Det er travelt i Vaapenhusi baade i England og India. Den indiske Heren er alt mest dubbelt so stor, som han hev voret, og er snart reide til aa gaa mot Russen, um det trengst.

Ellest fær ein tru, at Russen æver seg noko, fyrr han legg seg i Krig med England, daa England visst kom til aa senda krigsskip baade til Østersjøen og Svartehavet, dersom det bar i hop, og korleids den russiske Handel kom til aa faa det daa, er inkje vandt aa skyna.