Her og noko um Dissenterloven.
Sovidt
eg veit, hev eg inkje set ein av Dykk, som hamrar paa Dissenterloven,
den som Lagtinget vilde ha, at De hev raakat Saumen paa Hausen.
De
skriv liksom at Lagtings-vedtaket skulde gjeva Folk Paalegg um aa
taka Dissentar inn i Skulen, elder
liksom Dissentarne skulde faa ein Rett her til aa koma inn i Skulen
og verta Lærarar i alle Fag berre
inkje i Religion.
Men
kjære væne, det er inkje soleids.
Var
Loven so, at
Dissentarne
fekk ein Rett til aa trengja seg inn der
_
ja so var Loven galen, so hadde De Rett til aa laata, som De gjer.
Gode
Folk, Loven gjev inkje Dissentaren her nokon Rett, han paalegg ingen
aa taka Dissentarar inn i Skulen.
Men
Loven gjev Folket gjenom sitt Skulestyre
Rett
til aa
velja
ein Dissentar, som dei trygt torer sleppa inn, til aa undervisa i dei
verdslege Fagi.
Loven
forbyd Dissentaren det, som skal og maa forbjodast honom ettre
Grunnloven, det vil segja
Religion.
Men
meir bør inkje Loven forbjoda helder, enn det, som er naudsynlegt.
For det er inkje anna ein Dissentar skil seg ut fraa Statskyrkja i
enn i Meiningarne um Læra og Livet.
Kvi
maa han daa inkje i alt det andre vera jamgod med oss andre gode,
skikkelege Staskyrkjefolk?
De
segjer: Ein Dissentar maa inkje hava Historie. Han kunde leggja inn i
det Sermeiningarne sine.
Til
det svarar eg: Kann eg inkje gjeva ein Dissentar Historie, so vil eg
inkje ha honom i Skulen.
Historia
skal staa der som ein Prøvestein paa Mannen. Folk vil verta vakare
um kven dei set inn i Skulen etter Lagtings- enn etter
Odelstings-vedtaket.
Vert
Odelstings-vedtaket Lov, so segjer Folk: No kann me sova hugheilt,
for no hev me ein paragraff kring Historia. Lat no Jøde, Kvæker,
Katolokk og kven som helst setjast inn i Skulen, no naudar det inkje.
Vert
derimot Vedtaket aat Lagtinget Lov, so segjer Folk: No lyt me vera
vake um kven me sett inn. Me kann no inkje taka inn andre enn dei,
som inkje er faarlege i Historie.
Eg
meiner det: Lat Folket gjenom Skulestyret sitt raada for kven dei vil
setja inn i Skulen, og forbyd inkje Folk anna enn det, som etter
Grunnloven trengst.
Gjev
Folket Fridom her, so hev det Andsvaret og. Gjev inkje lenger slike
Formyndarlovar, som gjer, at Folk kann somna inn paa Paragraffar
forutan nokor Kjenning i seg av Andsvar.
Gjer
Folket fullmyndugt i Skulesaker so skal De sjaa, at dei stend paa
Vakt kring Skulen sin.
Det
er noko, som Utviklingi krev.
Ein
Ting hadde eg og Hug til aa spyrja um. Er no alle me Statskyrkjefolk
so framifraa reinliva, godlynde og truande Kristne daa, so at inkje
nokon av dei, som hev skilt Selskap med oss i nokon Maate kann standa
Maal med oss?
Er
det fordi, at me er so gudfryktige, reinferlege, skikkelege og umfram
i alle Maatar
_
er det for det, at alle desse Menneskje hev skilt Lag med oss?
Aa
nei. Eg tenkjer at mange av oss, som enno sit herinne i denne
velsignad Statskyrkja, mange, som vil taka det litt aalvorsamt med si
Kristentru, Sed og Liv, at mange av oss mangeigong hev ei sterk
Kjenning av, at det er ein motburdleg Blanding av Statskristendom og
_
Ufysne, som me her stend
uppi.
Kyrkjehus og Horehus, Skulehus og Fyllehus stend ofte Side um Side.
Og
so er der daa Menneskje, som tykkjer, at det inkje er til aa halda ut
i eit slikt Sam
fund.
Dei ser seg um etter eit Samlag, der dei finn litt meir Helgedagsljos
og litt meir kristeleg Folkeskikk
_
og so gjeng dei ein vakker Dag burt til Presten og bed honom aa
strjuka dei ut av Statskyrkjeboki.
Med
ei Gong so vert dei daa ubrukelege for det statskyrkjelege Liv. Det
er noko, som segjer seg sjølv. Den heilage Statskyrkja kann
sjølvsagt inkje helder faa Lov til aa velja nokon av desse til aa
læra Borni sine Religion.
Men
Historie daa? - Hu, hu nei. Det kunde smitta paa Borni. Tenk um
Borni ei og onnor Gong skulde faa høyra det, at vaar Statskyrkje
inkje er rein i si Lære og sitt Liv. Det var fælt!
_
Noko slikt tykkjer eg, at dei maa koma til aa tenkja paa dei, som set
seg litt meir inn i Tingen.
For
ein Dissentar er inkje altid ein Kar, som hev rang Tru. Nei her er
inkje faa,som hev den sama Tru, sama Læra, sama Bibel og sama
Sakrament, men som hev skilt seg ut fraa Statskyrkja av andre
Grunnar, som fyrr nemnt. Ein slik var Presten Munk eigong, ein slik
er so vitt eg veit ein Prest
Wettergreen
o. fl.
Og
der er Utsyn til, at me kanskje i Ettertidi kann faa fleire slike
Dissentar. Ja kanske det kunde høva, at dei beste Kristne finn paa
aa traa ut. For det er inkje ulikt til, at Statskyrkja kann søkkja
meir og meir ned i tom Vanetru
_
ja kanske Vantru og Usedskap.
Og
so skulde inkje ein Skulekrins, ein Skulekommissjon, elder eit
Skulestyre
kunnataka
ein slik Dissentar til Lærar i Historie. Det skulde staa ein
paragraff i Vegen for dei, som sat att i Statskyrkja, so at dei inkje
i Folkeskulen eingong maatte ha ein slik Dissentar til aa undervisa i
dei borgarlege Fag!
Slikt
tykkjer eg peikar av burti
_
Pavenotti, um inkje noko verre!
O.
S
.
Publisert