Utlandet.

 
Kongressen hev att aa ganga igjenom det græske Spursmaal, fleire Spursmaal um nøgnare Avstaking av Landemerki, um Donau og Dardanellarne og um Armenia; det sidste, som er det vigtugaste, skal dei vera komne eit Stykkje paa Veg med under Hand. Sitt Motlegg mot Hersetningi av Bosnia og Hersegovina skal Sultanen ha gjort, berre fyrdi han var rædd, at eit Samtykkje vilde ha gjevet hans Motstandarar større Magt i Heren. Det er haldet fyr utrulegt, at dei austriske Tropper kjem til aa møta nokot verkelegt Motstand. Det heiter seg, at dei Bygder vestanfyr Austrumelia, som er folkade mest av Grækarar, skal koma til aa utgjera eit Underrike med same Skipnad som Austrumelia og med Namnet Vestrumelia. Kongressen hev venteleg ikkje mange Møte att. Det store Spursmaal er, um han hev gjort eit Verk, som varar. Det er ikkje den aalmenne Tru, at det vil standa rett lenge. Dei fleste, som det vedkjem, synest aa vera misnøgde med Utvinningarne. Bismarck og Tyskland,  som no helst vil hava Fred, er dei einaste, som finn seg tente.
 
Alle dei politiske Fylkingar i Tyskland hev no sendt ut sine Val-Upprop. Det syner seg meir og meir, at Valstriden kjem til aa standa millom Bismarck og deim, som hev til dessa havt Yvertaket i Riksthinget. Spursmaalet um Undantakslogerne mot Socialdemokratarne er komet or Syne.
 

 

Frå Fedraheimen 06.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum