Kristiania, den 5te Juli 1878.

 
Ordkastet um Sagatunskulen hev fenget eit livlegt Etterspel. Fyrst er Bjørnson ute med eit harmfullt Brev i Opl. Avis til "Kandidat i Theologien, Ordfører, Gaardbruger og bekymret Familiefader Ole Sandberg" og segjer seg fri fyr aa ha skrivet "gudsfornegtande" i Stykkjet "om vor Kristendomsforkyndelse" i "Opl. Avis": Den som kann segja detta, han lyg. Det finnst ingen Ting der elder nokonstad, som kann prova, at han er, hev voret elder kann verta ein Gudsfornegtar. Paa Skulen hev han ikkje talat um religiøse Ting, etter at det Stykkjet stod aa lesa. Til Folkemøti kom han baade Gonger manad av dei Møtande. Paa det fyrste talad han um Helvitesstrafferne mot Arvesens Ynskje; paa det andre talad han ikkje um nokot religiøst, fyrdi Arvesen bad so ottefull um, at han skulde lata det vera. "Det gaar an at sige adskilligt paa Ole Arvesen, deriblandt at han er Deres Fætter i Forkjætringskunst og Sneverhed; thi han har Deres stærkt begrænsede Begavelse. Men det gaar det ikke an at sige, at han tager det udvortes med Kristendommen eller koketterer med fritænkeriske Meninger. Han kan angribes for meget, men for Rettroenhed bør han have præceteris. Men det forstaar sig, De kan af Had ikke bedømme ham, saa De er undskyldt." Herman Anker skriv i samme Bladet eit langt Motlegg mot det Umtal, Skulen fekk paa Amtsthinget, av Sandberg. I sidste Numret av Bladet skriv Christopher Bruun eit Brev til Sandberg og manar honom til aa upplysa, kvat det er for Ord i det Stykkjet, han meinte paa, som viser, at det fornegtar Gud. Ein Innsendar til talar um same Saki. Nokot Svar fraa den andre Sida hev me ikkje enno set.
 

 

Frå Fedraheimen 06.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum