Fraa Dyreheimen.

 
II.
 
Bland dei 107000 Dyreslag, me no kjenner, er Spenedyri dei, som fyr oss er dei vigtugaste, fyrdi me hev mest Nytte av deim; derimot er dei langtifraa dei mangfaldigaste. Talet paa dei ymse Slag av Spenedyr gjeng ikkje upp i meir enn vel so 2000; av Fuglar finnst det 7000 Slag, av Fiskar 8000, av Skordyr 65000, av Glyedyr elder Blautdyr 12000 o. s. fr.
 
Naar Ein skal skipa Spenedyri i Avdeilder, so ser Ein fyrst paa Lemerne. Dei hev anten Føter med Tær paa (elder og Hender, det er Føter, som er slike, at innste Taai, Tumen, vender seg imot dei andre Tær, og som soleids er lagade til aa gripa og halda fast), elder Hovar, elder og Sundfjødrer liksom Fiskar. Taadyri deiler me etter Tannstødet; anten hev dei alle tri Tannslagi, - Skjeretenner, Hyrnetenner og Jakslar, - elder og er dei meir elder minder tannfatige. Av Dyr med alle tri Tannslagi skil me fyrst ut dei, som ikkje hev Spenarne frie; og so er det tvo store Avdeilder att: med Hender – utan Hender; til dei fyrste høyrer Menneskja og Apekattarne.
 
Her skal me daa taka fyr oss dei, som stend oss nærast i Systemet og er oss likast:
 
Apekattarne.
 
Ein maa ikkje tru, at Apekattarne med sine fire Hender hev nokon Fyremun fyr Menneskja, som hev berre tvo. Det er ikkje Tvil um, at Handi er ein fuldkomnare Reidskap enn Foten; men ho kann ikkje kvitta fyr ein Fot likevel. Apekattarne vantar soleids eit Slag av dei Reidskapar, som Menneskja hev; dei er nok betre til aa kliva, men berre laake til aa ganga, dei kann ikkje standa dessmeir, utan aa stydja seg. Naar dei skal ganga elder standa, krøkjer dei Fingrarne inn, likesom til Knyttneve, og gjeng paa Fingerbaket, elder so tred dei paa Utsida av Handi, paa Sida av den innkrøkte Veslefinger.
 
Oken maalar Apekattarne med desse Ord:
 
"Dei liknar Menneskja i alle Useder og stygge Læte. Dei er illgjerske, falske, lynske, tjuvsame og useduge; dei lærer ei Mengd med Løgje, men er ulyduge og gjer ofte Ende paa Moroi midt i Leiken; dei kann koma med eit Gapstrek imillom likesom ei vansedad Narrestikka. Det finnst ikkje ei einaste Dygd, som Ein kann eigna aat Apekattarne, og endaa minder nokon Nytte, som Menneskja hev av deim. Dei er berre Laaksida av Menneskja baade i Kropp og i Sedugskap." – Um denne Domen høver rett, vil desse Sogur visa, som her er sankade saman.  
               
Til dei eigenlege Apekattar med naket Andlit og fire Hender med Flatnegler høyrer
 
Gorillaen.
 
Dette Dyret eig heime i Kameron- og GabunLandet paa Vestsida av Afrika ned imot Ækvator. At dei ikkje hev funnet Gorillaen fyrr, det kjem seg av det, at han kjem sjeldan til Sjoen, men held til langt av Leid i dei tjukke Skogarne ved Gabun-Elvi, og av det, at Landet derikring var litet forfaret like til ei 20-30 Aar sidan.
 
Han er 5 ½ Fot høg og meir enn det (sume Reisande talar um 9 Fot), 3 Fot breid yver Herdarne, han er udømeleg før og sterk, Armarne hans er tjukke som eit Manslær; Andlitet er naket, myrkt brunt elder svart; Kroppen er klædd med lange, svarte Haar, midt uppaa Hovudet reiser seg ein Haarbrusk, liksom Moten er hjaa oss ridom-til; Sete og Rova hev han ikkje. Det er ikkje aa finna aat Nokon, um han kann koma til aa taka denne Apekatten fyr ei Menneskja. I so Maate maa det sjølvsagt verta medteket i Vaagskaali, at det er vandt aa taka Gorillaen roleg i Augnesyn. Han er ikkje rædd nokot Dyr, ryk hugheilt paa Leopardar, Løvar, Ele-fantar, flyr helder ikkje fyr Mannen, men gjeng modigt paa honom, og vert han ikkje drepen med fyrste Skotet, so er Veidaren dømd livlaus; Byrsa hans tek Gorillaen og bryt sunder som ei Røyr, Mannen sjølv vert flengd og sunderriven.
 
Dei Innfødde er ikkje so rædde nokot Dyr som Gorillaen; dei varar seg fyr aa møta honom det beste dei kann; og um dei er aldri so ferduge, naar det skal vera, til aa ganga med paa Løve-og Elefant-Veiding fyr god Betaling, - fyr Gorilla-Veidingi hev dei ein uvinneleg Age.
 
Ein namngjeten karthagisk Herførar, Hanno, vart i Aaret 550 fyre Kr. send av Regjeringi med ein stor Flote igjenom Gibraltarsundet, han skulde grunna Nybygder paa Vestsida av Afrika. Hann hadde 60 store Skip og 30000 Menn og Kvinnur med seg, og dei var vel forsedde med alt, som trongst til Nybyggjingi. Paa Strondi aat Øvre-Guinea raakad det honom eit Hende, som han fortel soleids i Reisesoga si: "Tridje Dagen etter at me hadde siglt igjenom Eldstraumarne, kom me til ei Vik, Sudhornet, med ei Øy attast i. Paa denne Øyi er eit Vatn, og i dette Vatnet ei Øy att, og her livde det ville Menneskjur. Dei fleste var Kvinnfolk, med lodne Kroppar. Tolken kallad deim Gorilla. Karmenn kunde me ikkje faa Tak i. Me sette etter deim, men dei slapp lett undan, for dei kleiv yver Stup og Hamrar og varde seg med Kampesteinar. Me naadde atti tri Kvinnfolk; men me var ikkje god-til aa faa deim med oss, for dei beit og klorad. Me laut difyr drepa deim; men me flo Skinnet av og sende det til Karthago."
 
Rett som det hev voret, hev det igjenom Aarhundradi komet Fraasegner til Europa um ville Menneskjur, som Negrarne sagde skulde liva i Øvre-Guinea; men Ingen trudde paa deim. Folk berre log aat dei snartrune Skiparar, som let setja i seg den Hyrgja, at det fannst ville lodne Menneskjur; dei hadde kannhenda sett ein Orang-Utanen og haldet honom fyr ei Menneskja. So uppdagad Missionæren Savage i Aaret 1847 nær ved Niger-Osen ein ovdiger Apekatt, som likamleg stend Mannen mykje nærare enn Orang-Utanen gjer, er større enn ei Menneskja, og soframt det var denne, Hanno meinte, og det tvilar no Ingen paa, maa me nok sanna, at den karthagiske Herføraren fyr 2400 Aar sidan slett ikkje var so toskutt og laatteleg endaa.
 
Strakst gav dei ogso den Apekatten, Savage hadde uppdagat, det historiske Namnet Gorilla.
 
Amerikanaren Du Chaillu fortel um sitt Møte med Gorillaen.
 
Me saag Far etter fleire Gorrila'ar, og ved Middagsbil deilte me oss i tvo Fylgje, med Von um aa rekkja Vegen til Lægret aat ein av deim, som det synte skillege Fotslag etter, og der gjera Manngard um honom. Det var snaudt eg var komen 300 Fot fraa Fylgjet, so høyrde eg Smellen av eit Byrseskot, so tri til, det eine etter det andre. Eg attende det skjotaste, som Føterne orkad, for eg tenkte, eg skulde faa sjaa ein drepen Gorilla; men eg tenkte i Miss. Felagarne mine hadde skotet paa ei Hoa og saarat henne, etter som eg saag paa Blodspori, der ho hadde faret; men ho hadde komet seg undan. Me sette etter med det same, men desse Skogarne er so tjukke og mest ukjømelege, at det nyttar sjeldan aa setja etter eit Dyr. Ein Mann kann berre krjupa der Dyret vil renna.
 
Natti kom paa oss, medan me enno heldt paa aa brøyta igjenom Byskjet; og me tok den Raadi aa lægra oss ute og freista vaar Lukka um Morgonen att. Eg var so uppstellt, at det var ikkje Maat paa.
 
Me tok tidleg i Vegen og slo oss igjenom til det tettaste og ukjømelegaste av Skogen, i Von um aa finna sjølve Heimen aat det Dyret, eg var so forherdug paa aa skjota. Time etter Time drog me fram, og endaa ikkje Spor av Gorilla. Berre dei ævelege smaae snarvande Apekattar – og ikkje mange av deim helder – og takom-til Fuglar. Sannt aa segja, so er ikkje Skogarne i denne Luten av Afrika so fulle av Liv som i sume andre Luter imot Sud.  
 
Best det var, gjorde ein av Fylgjesveinarne ein liten Klunk med Tunga; det er paa den Maaten den Innfødde varslar, at eitkvart røyver seg, og at det er Naud paa aa halda godt Utkik. Og med det same merkte eg, framanfyr oss høyrandetil, Braket som av Greiner og Kvister, som vart nedbrotne.
 
Det var Gorillaen, det skynad eg strakst paa Elden og Nøgjet, som lyste utor Augom paa Kararne. Dei saag enno ein Gong væl etter Byrsurne sine, um Krutet ved eitkvart Hende skulde ha fallet utor Fengjepanna; eg med forfor mitt, fyr aa vera viss paa, at alt var, som det skulde; og so gjekk me fram stillt og varleg.
               
Det sermerkte Ljodet av Greinbrjoting varde ved. Me stillte oss fram ljodlaust. Det var godt aa sjaa paa Kararne, at dei totte, dei var komne upp i eit aalvorslegt Tiltak; men me dreiv paa, til dess me endeleg tottest sjaa, at dei røyvde seg, dei Greiner og Smaatre, som det store Beistet heldt paa aa riva ned, venteleg fyr aa faa Tak i dei Ber og Frukter, han liver av.
 
Braadt som me heldt paa aa kreka fram, og det var so heilende stillt, at eit tungt Andardrag høyrdest høgt og skillegt, so fylltest Skogen av Gorillaens gjøyande Gaul.
 
Han var ikkje rædd oss. Han stod der og slo seg paa Bringa med sine digre Nevar, so det ljomad, som um Ein hadde sleget paa ei uhorveleg Bastrumma; det er deira Maate aa mana ut til Strid; innimillom sende han ut Gaul etter Gaul.
               
Skriket til Gorillaen er det underlegaste og fælslegaste Læte, Ein høyrer i desse afrikanske Skogar. Det byrjar med ei skarp Gjøying, liksom ein sinnt Hund, so glid det ned til ei djup Bas-Rulling, plent som ei Tora, som rullar og ryn burtetter; og Tora hev eg og sumtid voret freistad til aa taka det fyr, naar eg ikkje saag Dyret. So djupt er det, at det synest mindre aa koma fraa Munnen og Strupen enn fraa det djupe Brjostet og den digre Belgen.
 
Augo byrjad aa blika med ein villare Eld, som me stod der heilande stille ferduge til aa verja oss, og den stutte Haardusken uppaa Skallen hans tok til aa viska upp og ned, snøggt og snøggare, medan han flekkte av dei sterke Hoggtenner og atter sende ut eit dundrande Gaul. Og no minnte han meg  berre um einkvar drøymd Helvites-Skapningen – eit Vette av det grysjelege Slaget, Helvti Mann Helvti Dyr, som me finn avmaalat av gamle Kunstingar i Framsyningar av Nedreheimen. Han gjorde nokre Steg fram – stadnad so fyr aa belja att - steig fram paa nytt, og stadnad til Slut, daa han var ikring 6 Fot fraa oss. Og her, just som han tok i eit nytt Gaul og slo seg rasande paa Bringa klembde eg av og drap honom.
 
Med eit Andartak, som hadde nokot fælsleg menneskjelegt ved seg og likvæl var so beistelegt heilt igjenom, datt han fram aa Gruva. Kroppen laag og skalv i nokre Minutt, so var Alt stilt – Dauden hadde gjort sitt Verk, og eg fekk no Stunder til aa sjaa yver den uhorvelege Kroppen. Han røyndest aa vera 5 Fot 8 Tumar høg, og dei segelagde og sinelagde Armar og Brjost synte, kor udømeleg sterk han hadde voret.
 
Slik ein Kaldtokke fylgjer det med dette Dyret, naar det syner seg, at ingi Skildring rekk til. Ved slikt eit Syn kunde eg nok tilgjeva mine djerve innfødde Veidemenn, at det stundom kom paa deim ein yvernaturleg Ræddhug, og eg kunde forklara meg dei Undersogur, som Negrarne fortel um Gorillaen.
 
Det er ei Grunnsetning hjaa ein upptamd Gorillaveidar aa gjøyma Skotet sitt til sidste Augneblinken. Røynsla hev lært, at naar han skyt og ikkje raakar, rusar Gorillaen paa honom i same Stund. Og daa er det ikkje Mottak fyr nokon Mann. Eit einaste Slag av den velduge, med sterke Negler vaapnade Hand, og Innvolen til den stakkars Skyttaren ligg ute, Bringa hans er sundflengd, Hausen er krasad; det er for seint aa lada paa nytt, og det er ikkje tenkjande paa aa fly. Det hev hendt, at Negrar fortullade av Ræddhugen hev i slike Tilfelle vaagat seg i Slagsmaal med Gorillaen og viljat forsvarat seg med si uladde Byrsa; men dei hev ikkje fenget Tid til meir enn eit einaste Slag; - i næste Blinken reiddest den lange Armen med lagnadstung Kraft og braut Byrsa og Negerhausen isunder med eit Slag. Eg kann ikkje tenkja meg nokon Skapning, som veit aa gjera so uavvendelegt Aagrip paa Menneskja, og det kjem av det, at Gorillaen steller seg ands Andlit med Mannen og brukar sine Armar til Aagripsvaapen, nettupp som ein Prisfiktar vilde gjera, berre at  hin hev lengre Armar og langt større Styrkje, enn den veldugaste Nevebaskar paa Jordi kann tenkjast eiga.
 

 

Frå Fedraheimen 06.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum