Utlandet.

 
Danmark. Det skal vera komet til Semjing millom Høgreflokken og Vinstreflokken i Finansnemndi, so det er Von til, at Finanslogi ved tredje Gjenomgongi i Folketinget kann verta so lagad, at ogso Regjering og Landsting vil ganga med paa henne.
 
Fransmennerne hev no so nog med aa tenkja paa sitt eiget Stell – den store Utstellingi, som skal vera til Sumars, den storslegne Jernvegsbyggingi, som Ministeren Freycinet skipar til, umfram dei innre politiske Spursmaal – at dei ikkje bryr seg so stort um den Storstriden, som elles er deils standande og deils ventande millom dei europæiske Magter um det austerlendske Spursmaal. Fristyret og sann parlamentarisk Styremaate vinn fastare Fot til kvar Tid. I Senatet hev dei "Konstitutionelle" slitet Lag, og dei hev gjenget yver til Fristyreflokken, dei fleste av deim.
 
I den tydske Riksdag hev Bismarck ein Strid aa standa fyr sine Umbøter i Skattevegen. Han vil auka Riksinntekterne ved aa leggja paa dei indirekte Skattar og innføra Tobaksmonopol. Finansministeren Camphausen hev komet paa Kant med honom i Spursmaalet um Tobaksskatten og hev no bedet um Avskil.
 
Freden millom Ryssland og Turkiet vart endeleg underskriven Sundagen den 3dje Mars i San Stefano, ein Smaaby ikkje langt fraa Konstantinopel. Um Eftan same Dagen telegraferade den ryske Herføraren Storfyrst Nikolai til Kjeisaren i St. Petersborg soleids: "Eg hev den Æra aa ynskja Dykkar Majestet til Lukka med Fredgjerdi. Gud unnte oss den Lukka aa føra til Ende ei stor, heilag Sak, som D. Maj. hev sett i Verk; just paa (17-)Aarsdagen fyr Frigjevningi av dei Liveigne hev D. Maj. fritt dei Kristne ut or det muhamedanske Ok." Tidendi um Fredgjerdi spreiddest same Kvelden i den rysske Hovudstaden, og store Folkehopar styrmde fraa alle Leder til Kjeisargarden og ynskte Kjeisaren til Lukka med jublande Hurrarop. Han sjølv steig fram paa eit Utskot elder ein Hjell, og Folkehopen tok av seg Huvor og Hattar og røystad i og song Folkesongen. - Fredsvilkori er enno ikkje til Fullnad kjende. Men so myket synest aa vera visst, at Ryssland i det store og heile vil freista aa halda Utvinningarne av Krigen uskjerde, um det enn kann gjeva etter i sumt, so det t. D. ikkje gjerer Krav paa den ægyptiske og bulgariske Tribut (Landsskyld), og finn seg i, at Bulgaria ikkje kjem til aa strekkja seg fullt so langt som eingong meint, og kannhenda nøgjest med ei Krigsskadebot, som er lite minder umogleg aa betala, enn den, som det fraa fyrsto kravde; men slær det av paa ein Kant, so tek det nog sin Mun atter paa ein annan, og etter det, me enno veit, stend det framleides so, at Sultanen i Europa ikkje fær att meir enn Konstantinopel og ei Landsremsa ved Marmorsjøen, og i Asia misser han og ein stor Deil. Um nokon vil gjera aalvorsleg Freistnad paa aa hindra Ryssland fraa aa setja sin Vilje igjenom, er enno mykje uvisst. Baade i England og Austrike hev Rustningarne voret drivne med stor Ihuge like til det sidste, og det er ikkje trulegt, at dei no vil stadna. Helder ikkje er det rimelegt, at Andrassy vil gjeva upp det Kravet, han hev gjort paa aa faa sett 60 Millionar Gulden til fri Raadugskap fyr Regjeringi. Fraa Ryssland er det fortalt, at dei bur seg paa Forsvar av Strenderne ved Øystresjøen, og at Kjeisaren Dagen fyre Fredgjerdi hev gjevet Order til aa setja paa Fot 4 nye Divisionar Fotfolk og 4 nye Artilleribrigader; det kann ikkje vera mot Turkiet det hev Bruk fyr desse. I England hev ikkje Huglaget vortet stort rolegare etter Fredgjerdi. Bladi segjer beint ut at Freden er ikkje til aa tru paa, og sume manar likefram til Krig. Det er merkjelegt, at det nettupp i desse Dagarne hev komet ut eit Stykkje av General Wolseley um Englands Herstyrkje; aldri hev England voret so sterk som no, segjer han, og um Krigen vart tilsagt i Morgon, kunde England setja upp 400000 Mann, øvde Soldatar. I Ryssland er ikkje Folkehugen blidare; den en- gelske Regjeringi fær Skuldi fyr alt vondt. I Austrike derimot synest det aa vera mindre Øsing no etter Fredgjerdi; det skal vera ei avgjord Sak, at Austrike kjem til aa hersetja Bosnia og Hersegovina, og dermed vil det, kannhenda, lata seg nøgja.
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum