Sonen hans Vinje?

 
Sonen hans Vinje?
 
Eg hever seet i Bladom at dei tenkjer aa faa ei ny Minnestytta yver Vinje. Ved at tenkje paa eit slikt Tiltak, hugsar eg at "Referenten" aat Dagbladet skreiv fraa Gran den 14 Juli 1873, at bland dei nærverande (daa Stytta paa Gravi hans Vinje vart avsnøydd) var Olav, Sonen hans Vinje, som daa var 3 Aar gamall. Detta er alt eg hever høyrt um denne Olav'en. Flestalle segjer at Vinje livde i stor Naud. Fyrr me kann verda hepne med ei ny Stytta yver Vinje, maa me hava syrgt fyre ei god Fostring av Sonen hans. Eg vonar at "Fedraheimen" er Mann fyre aa segja oss, korleides det er med Sonen etter den store tjodlege Skalden vaar, som do aa kalla i Armod.
 
O. M.
 
                              
Svar. Etter som Bladstyret veit, er der ikkje Grunn til aa vera uroleg fyr den unge Olav Vinje. Ein liten Moerarv og gode Skyldfolk hjelper honom nok so vidt, at han fær ei god Uppfostring. Etter ei Kontrakt med det norske Samlag hev han og ein liten Inntekt av Bøkerne etter Faer sin; det er ikkje stort, men det stydjer altid til.
 
Hellest er Tanken i det vesle Stykket hans O. M. so fager, at me med Gleda hev teket det inn. Med Avsyn paa Minnestytta trur me, at det av ymise Grunnar vil vera best aa venta ei Tid med den. Men det er ikkje Tvil um, at ho bør koma – og kjem.
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum