Skildringar fraa Italia.

 
(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 17 av 25. Fyrste delen.]
 
VI.
 
Fest paa Missionsskulen. Hovudet til Mathæus. Paa Folkekomedie. Karnevalet og Jødarne. Ei Likstemna. Daudingkyrkja hjaa Kapucinom. Messa i Koliseum. Herbyrget til St. Johannes. Marietta.
                              
Det som giv den katholske Kyrkja si største Magt, er det Samhelde, som er millom høgt og laagt, stort og litet. Ho er som ein Kjempelikam, der alle Limerne høva til kvarandre, og Klædnaden er skoren etter same Skurden, kvar ho ferdast. Og so slær ho sine Jarnarmar mest kring all Jordi og gjøymer Millionar under Kaapa si. Naar mange av oss Lutherfolk difyre tru, at det snart skal vera ute med den katolske Kyrkja, no dei hava teket den verdslege Magt fraa Paven, so trur eg, me taka storlega i Mist. Den katolske Kyrkja vil standa og standa til ævelege Tider, det er no min Meining. Ho kann verda reinskat og umbrøytt, taka Lækjeroti, som Doktaren giv, og soleides verda meir heil i Kroppen, men døyr gjerer ho vist inkje. Ho er i mangt og myket altfor høveleg til dei sudlandske Folk til det. Ingen Stad heve denne Magt i Samheldet stunget seg soleides fram som paa ein Fest, dei halda i den store Missionsskulen i Rom. Det er paa Lag som ein Skuleeksamen. Her treda Læresveinarne fram og predika kvar sitt Stykke og kvar paa sitt Modermaal. Det er som du kunde tenkja deg fyrste Kvitsundagen. Her ljomar det kring Øyro dine: Ebræarmaal, Kaldæarmaal, Syrarmaal, Armenarmaal, Arabarmaal, Persarmaal, Kurdarmaal, Turkemaal, Koptarmaal, Negermaal, Grekarmaal, Latinarmaal, fransk Maal, italiensk Maal, Keltermaal, irsk Maal, Hollands Maalet, tydske Maalet, Sveitsermaalet, engelske Maalet, danske Maalet, Bulgarar-Maalet, Albanarmaalet, Retermaalet, Illyrermaalet. Det er, so du kan verda hovudgalen. Det er Banningi som let ved Babeltaarnet, som her er gløypt av det eine Ordet, som bind heile Verdi i Hop til ein Kropp, Ordet Jesus Kristus, Guds og Maria Son. Og her standa dei fram fraa alle Heimsens Hyrnor, dei brune Asiafolk, dei svarte Negerfolk, dei kvite Europafolk, og avleggja Vitnesmaal um den same Gud og Frelsar, som ogso me vitna. Eg sat mest med Taaror i Augo og lydde, endaa eg inkje kunde skyna eit Ord av alle desse underlege Ljod, som taut fyre Øyro. Men eg tenkte paa fyrste Kvitsundagen, daa Apostlarne og Næmingarne stod fram, uppglødde av den heilage Ande, og talad i framande Tungemaal, med Eldtungorna skinande paa Hovudet sitt. Daa tenkte dei inkje paa korkje Lutherlæra, elder Kalvinlæra elder Pavelæra, men berre paa det eine: Kristenlæra. Men no gjeld det inkje somyket at vera Kristen som at vera retttruande. No kjæftast dei kristne, prestlærde og Lækfolk, seg imillom um Leresætninger, og Missionærarne eta upp kvarandre i Hat og Forfylging, naar dei raaka i Hop. Den aalmenne, kristelege Kyrkja, som paa sin breide Grunnvold godt kann bera dei tri Kyrkjeskularne, ho tred reint attende. Ein gløymer det sams store av Fysna etter at slaast um det smaae. Kom no hit ned du skulerette Prestemne fraa Kristiania Høgskule og høyr paa detta og lat meg sjaa, um du inkje vil fli Hondi til desse dine katolske Brøder, som no skal ut imillom Heidningom og lida og slita ilt berre av Trong til at predika den same Gud og Frelsar, som du vedkjenner deg. Eg vardt uppbygd og fyld med Lov og Takk fyre denne Dagen, det skal eg hugheilt ganga ved. Den katolske Kyrkja veit, kvat ho gjerer. Ho veit, at denne Festen altid maa hava ein slakande Verknad, og difyre let ho upp Døri fyre alle Framandfolk. Denne Missionsskulen heve og ei stor Saga. Han vardt grunnlagd Aar 1622 av Paven Gregor XV, og fraa honom er det utgjenget mange store Menner, som hava skrivet sitt Namn i Heimsens Aarbøker med sitt eiget Martyrblod.
 
Denne Festen er forvitneleg inkje berre fyre prestlærde Folk men og fyre Maalgranskarar: Det er underlegt at lyda paa den serskilde Klang, som det er i dei ymise Maalføre, og so likna i Hop. Eg tykte no, at Asiamaali var myket fagrare enn Europamaali. Dei var sterkare, friskare, meir mannelege. Europamaali var so blaute og kjælne. Arabarmaalet var stygt likavel, endaa Arabaren heldt slikt eit Hus med Armar og Bein, at eg trudde, Huset skulde ramlat ned; men Persarmaalet var med det vænaste, eg heve høyrt. Det var ein, som fortalde meg, at sidst her var slik Eksamen, sat Folket kyrt og lydde; men daa det engelske Maalet og so Negermaalet kom, slo dei i og storskrattad, det vardt for fælt. Eg tykte, Negermaalet slett inkje var stygt; det var Tungsinn baade i det og i Songen, som han kvad, den svarte fraa Senegambia. Men Engelskmaalet og Hollandsmaalet og danske Maalet og tydske Maalet og irske Maalet og Skottemaalet – dei var vel inkje for vakkre dei. Franske Maalet var mjukt, men so oljesmurt, og Italiamaalet var som ei væn Kvinna, som letar seg paa ei Sofa. Latinmaalet var det, som klang best av alle Europamaali.
 
So song dei og kvar sin Stubbe av ei Folkevisa, Asiafolket og Negeren. Det er underlegt, kor likt alle Naturfolk syngja. Nede i Neapel høyrde eg Bonden syngja nett paa same Visi, som Strilen heima, naa han kjøyrer fraa Byen Laurdagen, detta litetvetta snyvlande i Maalet og so med ein lang Endetone, som døyr burt i Lufti. Eg undrast paa, um detta er den naturlege Maaten at syngja paa, fyrr Kunsti tred hjelpande til?
 
Det er inkje altid, den katholske Kyrkja kann bjoda fram nokot so uppbyggelegt som denne Missionsfesten. Det finst eit Ordtøke her, som gjeng imillom Katolikarne: che Roma ha veduto, la fede ha perduto; che Roma non vede, conserva la fede" (den som heve set Rom, heve tapat Trui; den som inkje ser Rom, held paa Trui.) Etter detta maa det inkje vera so utifraa helder. Men so maa ein og koma i Hug, at ein inkje maa døma heile den katholske Kyrkja etter alle Tilstelningarne i Rom. Paa andre Stelle, soleides i Sudtydskland, skal den katholske Kyrkja vera aalvorsam og agande til at sjaa, og i mangt og myket eit Mynster fyre oss. Her i Rom er det Glitregullet og alt det ytre paahengde, som sting ein i Augo. Eg var ein Dag uppe i Kyrkja Santa Maria maggiore, daa dei synte fram Hovudet til Apostelen Matheus, for dei hava no fenget Tak i Hausen hans her maavita. Korleides? ja det er inkje greidt at skyna, for korkje Bibelboki elder Sagaboki fortel oss kvar Matheus andadest. Kannhenda hava dei Stallen hans burte i Asia og. Det hender inkje sjeldan, at slike heilage Folk hava fleire Hovud og Armar og Bein og ei uhorveleg Rad med Tenner, soframt ein no skal tru paa alt det, Kyrkja segjer. Hovudet til Matheus var inkje vænt. Det laag i ein Gulltempel paa ein Kodde av Fløyel, og Glas var det fyre paa alle Sidor. Ein stygg, brunsvart Mannahaus var det, der Skinnet endaa sat paa, trur eg, og Augo laag i Haudsen. Ein gamall Prest med graatt Haar nærmaseg skjelvande og bedande, so bøygde han Kne og kysste og kysste Hovudet utan Ende – ja det vil segja, han kysste paa Glaset, han som alle andre, annars vilde Mannahausen snart verda uppsliten av Kyssar. Presten tok Templen, der Hovudet laag og grein, og sette honom fram til nokre unge Vækjor, som laag i sine Silkekjolar paa Knefallet og ventad bedande paa den høgtidelege Stundi. So kom ei heil Mukka med Soldatar marserande inn i Kyrkja. Dei var no kummanderade til Kyssning dei. Dei bøygde Kne paa Komando, dei bad paa Komando – kyss! – der small det burtetter Mann paa Mann. Mange av deim flirte, men mange hadde aalvorslege Andlet. So skulde daa ein Prest tyda fyre deim, kvat Matheus var for ein Kropp. Jau han var Fylgesveinen til Petrus og Paulus. Kvar hadde Presten fenget den Visdomen ifraa? det er visst ingen annan enn han, som veit, at dei foor i Lag desse Tri.                               
 
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum