Rispur.

 
Sumt Folk er liksom Egg: dei er for fulle av seg sjølv til aa kunna røma nokot annat.
 
Haavard heitte ein Mann, som budde i Vraadal nokot ut paa Nisserstrondi. Denne Mannen fortalde um seg sjølv: "Eg heve allstødt Motvind, naar eg er ute og ror. Vil eg til Nissdal, so fær eg Motvind, og vil eg til Vraadal, so fær eg au Motvind; - men eingong var eg daa so sløg, at eg lurad honom lel. Eg skulde til Vraadal, men reiste ut og ropad, mest eg orkad: "eg vil til Nissdal, eg vil til Nissdal!" – og daa fekk eg Medbyrd til Vraadal."
                                              
Ein Tiggar var sumetider inne og bad seg paa ein Gard, men fekk aldri korkje Vaadt elder Turt. Difyr sagde han eingong i Grannegarden: "Dæ æ snilde Folk paa Rud:dei endser Ingen."
 
Same Mannen var inne ein annan Stad; der fekk han lite Mjøl paa eit Tinfat. "Ska' eg ha' alt detta daa?" spurde han. "Jau," meinte Kjeringi. Dermed støypte Karen baade Fatet og Mjølet i Sekken sin og ruslad. – Kjeringi laut lita seg med det.
 
(Fraa Sandsver ved –n –n).
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum