Kristiania, den 8de Marts 1878.

 
Skulelærar Anders Eivindson Vang i Valdres er no nytt daaen. Han var trottug til aa sanka saman alle Slag gamle Segner, Gaatur og Ordtøkje fraa Valdres. I 1850 gav han ut ei Bok: "Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdris," og i 1870 ei Bok um sitt Liv med Tilleg av Brudlaupsskikkar i Vang. I 1871 vart det utgjevet av Samlingarne hans: "Gamla Segner fraa Valdres" av J. E. Nilsen. Han hev ogso hjelpt, Lindeman med aa setja upp gamle Salmetonar fra Vang i Tal. Han hadde voret Kjøkemeistar i 150 Brudlaup paa Lag, i 600 Gravøl og yver 100 Barnsøl.             
(Etter "Fdrl)."
 
Brand i Askers Kyrkja. Ein Sundag Kl. 9 fyrr Gudstenesta hadde byrjat, vart det merkt Røyk innunder Taket paa Askers Kyrkja. Det var ein strid Vind, so det var ikkje lenge fyrr heile Tornet var ilogande. Kl. 11 ramlad det ned. Klokkurne var det raadlaust aa redda, dei smeltad upp, og Drope fyr Drope draup Metalet ned. Altartavla, Messeklædi, Preikstolen, nakne gamle Maalarstykkje og Stolarne fekk dei ut. Ogso Orgelet reddad dei fyr det meste. Berre dei nakne Steinmurarne vart attestandande. Kyrkja er bygd paa 11 Hundrad Talet. Det harmelegste var, at ho ikkje var assurerat, men Formannskapet hadde nettupp 2 Dagar avgjort, at det skulde gjerast.
 
I Hol i Hallingdal hev det vort en hard Storm, so mest paa kvar Gard vart det Tak skamfarne. Nokre Hus bles ogso ned. Soleids var det paa ein Plads ei Løda, som rauk, og det konstige var, at ho var uppsett taa Timber av ei Stov, som fyrr hadde bleset ned paa Grannegarden.
 
Ein av dei eldste Lægprædikantar, J. Iversen i Throndheim er nytt daaen, 88 Aar gamal. I lang Tid hev han reist umkring og haldet Samlingar. Han var ein Lægpradikant av det gamle Slaget fraa H. N. Hauges Tid.
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum