Kongedøme og Republik.

 
[Del 5 av 6. Fyrste delen.]
 
V.
(Framhald.)
 
Kongedømet hans Harald, som samlade Landet, hadde soleides jagat ut myket av det beste, som Folket aatte. Detta var hardt, men naudturvelegt, soframt Norig skulde verta det, som det no er. Hadde inkje Norig vortet samlat, hadde dei mindre Rike, som daa hadde vokset upp, tvillaust fostrat eit rikare Aandsliv ei Stund frametter, men dei hadde inkje i Lengdi kunnat halda seg sjølvstendige fyr Sverik og Danmark.
 
Haakon Adalsteinsfostre laut gjeva Odelen att til Bønderne, og daa vart Odelen Grunnlaget fyr Riks-Stellet i Norig, og Odelsbønderne og Hersarne fekk att myket av si gamle Magt. Men denne Magti, som var sterk nok til aa trassa Kongarne, hekk ihop med den heidenske Trui, som eg hev sagt fyrr. Difyr styrkte det Kongemagti utruleg, at Olav Tryggvason og Olav den heilage innførde Kristendomen; den nye Trui gav Kongarne ein høg Rett imot Bygde-Sjølvstyret og Hersemagti, som studde seg til den gamle Trui, og Kongemagti vart difyr sterk i Norig og den norske Kongen vart ein Konge "av Guds Naade." Kristendomens Siger var ein Siger fyr Kongemagti, og baade Konge og Folk trudde, at Gud sjølv hadde gjevet Kongen Magti og Æra – so lenge han heldt dei gamle Logerne og inkje gjekk Folke-Fridomen for nær. Naar Norig i den Tidi hadde gode Kongar, var Landet megtigt og kunne lett fri seg sjølv mot andre Rike og jamvæl ganga andre Rike for nær, rett som det var, nokot som mange tykkjer er den vænaste Uppgaava, Kongedømet hev, og den største Lukka, eit Folk kann naa i denne Verdi. 1)Det gamle Hovdingveldet stod seg best paa aa hava danske elder svenske Yverkongar, av di dei var langt undan og let kvar Mann raada seg som han vilde, naar han berre betalte den Skatten, han skulde, men Kongemagti arbeidde paa, at Norig skulde vera samlat og sjølvstendigt og standa jamsides med andre Rike. Det var Kongemagti, som lærde Nordmennerne Fedralands-Kjærleiken og Nationalitets-Tanken; den kjende inkje dei gamle til; men Kjærleike til Kongen og Truskap mot honom, det skynade dei. Sameleides kjende dei inkje det me kallar "Fædrelandsforræderi" (Fedralands-Svik), men "Drottens-Svik," Svik mot Kongen, det forstod dei, og det trudde dei var endefram Synd mot Gud, som hadde gjevet Kongen Magti. Detta vart smaatt um Senn anderleides. Dei Storverk, som Nordmennerne gjorde, daa Norig var samlat, knytte heile det norske Folk ihop med ein sams Eigedom av store Minne, og Nordmennerne arbeidde seg etter kvart upp til aa verta ein Nation. Me kann takka Kongedømet fyr di det gjorde dei 31 Fylke til eit Rike og Nordmennerne til ein Nation.
 
Det er ei vanskeleg Uppgaava fyr eit Folk paa ein Gong aa naa dei tvo Ting: det gode, Republiken fører med seg, og det gode, Kongedømet fører med seg. Vaare Fedrar løyste den Uppgaava slik, at me inkje kann annat enn undrast paa det. Dei kløyvde seg i tvo Flokkar, den eine vart Republik og hin Kongerike, og baade tvo naadde det, som var aa vinna paa den eine og den andre Leidi.
 
1) Magnus Berføtt hadde eit Ordtøke: "Kongar skal ein hava fyr Æra" (det vil segja fyr aa gjera andre Rike vondt) "og inkje fyr at dei skal liva lenge." Soleides meinar i Grunnen dei fleste endaa.
 
 

 

Frå Fedraheimen 09.03.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum