
Lån ei temautstilling
Vi låner gjerne ut temautstillingane vi har laga. Fyll ut skjema her.
Vi låner gjerne ut temautstillingane vi har laga. Fyll ut skjema her.
Tarjei Vesaas vann, som første nordmann, Nordisk råds litteraturpris i 1964. Prispengane gjekk til å etablere Tarjei Vesaas’ debutantpris for unge skjønnlitterære debutantar.
Det er ikkje ofte hovudpersonar i bøker er homofile, bifile eller trans, men i nokre romanar og debattbøker tek dei meir plass.
I 1818 føddest ein mann som seinare både skulle hamne på pengesetlar og som logo for ein rockefestival 35 mil unna fødestaden hans.
Å fortelje ei historie, eller skildre ein karakter frå ulike ståstader, er eit vanleg skjønnlitterært grep.
Utstillinga om fuglar i lyrikk gir nokre smakebitar på den rikhaldige diktinga som – av ulike grunnar – kler seg i fjørdrakt, syng og flyg.
Det blir stundom sett likskapsteikn mellom språk og identitet. Men betyr språk like mykje for sjølvbiletet som ein skulle tru?
I 2018 var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, og det er Vinje sine mangfaldige og rike reiseskildringar som har gjeve inspirasjon til den temautstillinga «Ferdaminne frå Troja til Vestlandet».
Kvar går eigentleg grensa mellom faktabøker og skjønnlitteratur? Er det i det heile mogleg å drage opp ei slik grense? Temautstillinga «Sannare enn røynda?» set søkelyset på sambandet mellom fakta og fiksjon.
Utstillinga "Menneske og språk på vandring" i Ivar Aasen-tunet går rett inn i vår tid og den store flyktningkrisa verda opplever i dag. I kjølvatnet av denne massive folkevandringa kjem også spørsmåla om identitet og kultur.
Anten vi likar det eller ikkje, er reklamespråket på alle bauar og kantar i samfunnet vårt i dag. Utstillinga "Språk til sals" ser nærmare på dette fenomenet.
Korleis heng demokrati og språk saman? Finst det samfunn i verda der språkbarrierar står i vegen for eit godt demokrati?
Kven var Ivar Aasen? Kvifor gjorde han det han gjorde? Og kva blei konsekvensane?
Kvar kjem songen frå?
Kva vil det seie å vere forelska? Og hugsar du korleis det var å vere ung og forelska?
Den store salmediktaren som ikkje var prest, den kjedelege stortingsmannen, språkgeniet, mannen som kristna landsmålet.
Ei fortetta stemning av uhygge, eller like gjerne livsglede, er ofte eit kjenneteikn på ei novelle.
Under Jon Fosse-dagane i Strandebarm laurdag 15. august 2009 opna Ivar Aasen-tunet ei ny temautstilling om diktaren Jon Fosse, som fylte 50 år denne hausten.
Kvifor er det viktig å kunne lese verdslitteraturen på sitt eige morsmål? Kvifor les vi ikkje engelske bøker på engelsk?
– Vi viser ting ingen har sett før, og vi fortel ei historie om Olav H. Hauge på ein måte ingen har gjort før.
Det munnlege var det vanlege. I fleire tusen år var skrift noko spesielt.
Utstillinga tek for seg den folkekjære diktaren, omsetjaren og kulturpersonlegheita Halldis Moren Vesaas.
I tusenvis av år har barn høyrt vaksne fortelje til dei. I nokre hundre år er dei også blitt lesne for.
Olaug Nilssen var festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2006, og utstillinga blei opna 22. juni dette året.
Utstillinga "Viljen til språk" med undertittelen "Mange røyster — felles mål" blei laga til Noregs Mållag sitt hundreårsjubileum i 2006.
Då Noreg igjen fekk ein eigen kongefamilie i 1905, skjedde det ikkje utan motstand i folket.
- Å skrive er for meg å stille eit sakn, å fylle ut ein mangel, å rette på ein feil.
Den nynorske skriftkulturen var tidleg open for impulsar frå utlandet, og ei lang rekkje sentrale verk frå verdslitteraturen er omsette til nynorsk.
- Drømmen var å komme seg ut av Odda. Men jeg har ikke kommet meg vekk derfra i det hele tatt, seier Frode Grytten i eit intervju med Klassekampen.
Marie Takvam (1926-2008) var den folkekjære og omstridde diktardronninga.
I utstillinga om teikneseriar legg vi vekt på både på dei nynorske seriane frå Smørbukk til Margarin, og serieteiknarar frå Jens R. Nilssen til Jens K. Styve.
Utstillinga blei laga til Dei Nynorske Festspela 2002, då Økland var festspeldiktar, og legg vekt på mangfaldet i forfattarskapen til Økland.
Ragnar Hovland, Torvald Sund og Lars Amund Vaage debuterte i 1979. Dei er alle fødde i 1952, og fornya den nynorske skjønnlitteraturen både i emneval og skrivemåtar.
Elias Blix døydde i januar 1902. Hundre år seinare fekk han si eiga temautstilling i Ivar Aasen-tunet, som blei opna av Kine Hellebust 20. januar 2002.
Olav Duun står sentralt i norsk litteraturhistorie. Kunsten han skapte nådde ut til heile verda, og i 1926 mangla han berre éi røyst på å få Nobels litteraturpris.
Kaffistovene gjorde den nynorske skriftkulturen synleg i bybiletet, og var ei nynorsk setelpresse som finansierte ei rekkje tiltak.
I ein spesialskriven tekst i denne utstillinga omtalar Brit Bildøen seg som dregen mellom øya og byen.
Askerkretsen var det intellektuelle og kunstnarlege miljøet kring Arne og Hulda Garborg på Labråten i Asker mellom 1897 og 1924.
Livet langs kysten er eitt av dei viktigaste emna i litteraturen på nynorsk og dialekt.
Utstillinga gir eit raskt overblikk over forfattarskapen til Rune Belsvik, og inneheld ein spesialskriven tekst om korleis det er å vere forfattar.