
Bibliotek og arkiv
Dei viktigaste samlingane
Ivar Aasen-tunet er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Ved utgangen av 2013 inneheldt samlingane om lag 83 900 kulturhistoriske gjenstandar (trykte skrifter, arkivmateriale, audiovisuelle medium og tradisjonelle gjenstandar), kunsthistoriske gjenstandar og fotografi. Vi prioriterer arkiv og samlingar som er nødvendige føresetnader for at vi skal kunne løyse oppgåvene våre.
Kvart år kjøper vi inn og får som gåve om lag 300 nye titlar. Dette er skjønnlitteratur for born, ungdom og vaksne på nynorsk og dialekt, primært utgitt av kommersielle forlag, faglitteratur innanfor emna som dekkjer vårt arbeidsområde, t.d. litteraturhistorie, litteraturvitskap, språkhistorie og språkvitskap, og nynorsk skriftkultur på CD, video og DVD.
Aviser, tidsskrift og oppslagsverk
Institusjonen abonnerer på 65 ulike tidsskrift, årbøker og skriftseriar innan fagområde som arkiv, bibliotek, museum, historie, kultur, litteratur og språk. Vi har også ei samling med handbøker og oppslagsverk til bruk for tilsette og publikum.
Dag og Tid
Vi har kvar årgang av avisa Dag og Tid frå 1962 og fram til i dag, i innbunden form. Givaren Dag og Tid vil halde fram med dette "til evig tid, dvs. til ut på ettermiddagen dommedag," som det heiter i gåvekortet frå 22.6.2000. Årgangane er plasserte kronologisk i hyllene ved trappa ned til biblioteket frå basisutstillinga.
Anton Aure-samlinga
Aviser, blad og tidsskrift i trykt form
Nynorsk kultursentrum er med i BIBSYS, som er biblioteksystemet for dei fleste
universitets-, høgskule-og fagbiblioteka i Noreg.
Store deler av faglitteraturen i samlingane, m.a. Reidar Djupedal-samlinga, er no registrert i BIBSYS. Når det gjeld skjønnlitteraturen, er stort sett berre titlar innkjøpte etter år 2000 registrerte.
Av periodika (aviser, tidsskrift, årbøker og skriftseriar) er 300 av rundt 600 titlar registrerte i BIBSYS.
Arkivmaterialet i samlingane våre er ikkje registrerte i nokon database.
Søk i bibliotekbasar
Utlån
Nyare skjønnlitteratur, periodika, eldre skrifter, arkivmateriale, og særskilde deler av samlingane blir ikkje lånte ut, men det er sjølvsagt høve til kopiering av artiklar og anna ein har bruk for etter avtale med oss.
Privatpersonar bør ta kontakt med sitt lokale bibliotek, dersom dei ikkje har høve til å kome til Ivar Aasen-tunet og ønskjer å låne noko frå oss.
Kopiering: Kr 3 pr. side, uavhengig av format.
Opningstider
Biblioteket har inngang frå enden av basisutstillinga. På mezzaninen (halvetasjen) ligg bokgalleriet, ein 12 meter lang og 5 meter høg bokvegg, som no rommar skjønnlitteratur. I hovudetasjen er faglitteratur og periodika plasserte i tradisjonelle bok- og tidsskrifthyller. Her er også 5 leseplassar for publikum og mikrofilmapparat.
Biblioteket er ope for alle måndag-fredag kl. 9-15 (unnateke ferie- og høgtidsdagar). Ta gjerne kontakt på førehand.
Kontaktperson