Parkering

Ivar Aasen-tunet har parkering langs Indrehovdevegen, men under Festspela har vi ikkje plass til alle.

Blir det fullt langs Indrehovdevegen, har vi avtale med grannar hos øvingsbana til NAF på hi sida av hovudvegen E39.

Rørslehemma
Under Festspela er det reservert tre parkeringsplassar for rørslehemma ved Indrehovdevegen. Diverre er ikkje parkeringa for rørslehemma i sjølve Aasen-tunet tilgjengeleg under Festspela, men alle som har behov for det får høve til å køyre opp i tunet. Bilen må deretter køyrast ned att. Treng du hjelp til dette, stiller vi gjerne opp. Vi reserverer elles alltid nokre plassar til rørslehemma nær scena i uteamfiet. Øvst i Salen på vestre side er det også plass til rullestolbrukarar.

Bugafjøra
I samband med arrangementet i Bugafjøra er der parkering tilgjengeleg like ved naustet og ved badeplassen like innanfor, rett overfor Ørsta camping.

Alternativ til bil
Generelt vil vi oppmode alle som har høve til å sykle, ta buss eller samkøyre med vener og naboar. Vi har eiga sykkelparkering, og busshaldeplassen Åsen er ikkje langt unna. Det går buss frå Volda og Ørsta minst éin gong i timen, og du kan orientere deg i FRAM-appen.Ivar Aasen-tunet har eigen parkeringsplass, men under Festspela er det ikkje plass til alle her. Vi har avtale om parkering med gode naboar i nærområdet og parkeringsvakter i aktuelle periodar.