Utandørs festspelopning
Kristin FridtunFoto: Lene Sørøy Neverdal

Utandørs festspelopning

Festspeldiktar Carl Frode Tiller les ein spesialskriven tekst under opninga av Dei nynorske festspela torsdag 13. juni og får musikalsk tonefølgje av jazzgitarist Stian Westerhus.

 – Vi vil at fleire skal få med seg opninga enn tidlegare. Difor har vi lagt opp til eit spennande, kunstnarleg program. Her er det noko for ein kvar smak! seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Ivar Aasen-tunet.

Publikum møter festspeldiktaren for første gong under festspelopninga, med ein tekst skriven spesielt for dette høvet. Teksten til festspeldiktar Carl Frode Tiller får musikalsk tonefølgje av jazzgitarist Stian Westerhus. Dei to har delt scene ved mange høve, og Tiller er kjend for å bruke musikk som språkleg inspirasjon i skrivinga.

Forfattar og filolog Kristin Fridtun held opningstalen. Ho har akkurat kome med ei bok om metaforar og biletbruk i språkdebatten, og det synest ho er bra å snakke om når festspeltemaet er «forteljingar». – I eit historisk perspektiv er det til dømes interessant kor ofte språk er blitt omtalt som eit byggverk, og korleis vi lagar forteljingar om at nokon «byggjer» eller «reiser» språket, medan andre «vandaliserer» eller «riv det ned», seier Fridtun.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen er leiar for ein av dei mest sentrale institusjonane for norsk, samisk og kvensk språk og kultur. Han har gått langt i å love at NRK skal nå kravet om minst 25 prosent innhald på nynorsk for første gong i 2019. Kringkastingssjefen har også løfta fram det samiske innhaldet og etablert NRK Kvensk. Under festspelopninga taler NRK-sjefen om oppdraget statskanalen har som fellesarena for alle i Noreg, om forteljingane vi deler og kva språket har å seie for oss.

Eit barnekor vil gi publikum ei spenstig avslutning., Dei skal framføre Ivar Aasens mest kjende dikt, «Nordmannen», i ny og spenstig gjendikting ved Runar Gudnason. Gunnar Sigve Aurdal har det musikalske arrangementet. Det er første gongen denne moderniserte versjonen blir framført for eit nasjonalt publikum.

Programleiar for opninga av Festspela er Tone Slenes, påtroppande dagleg leiar i Aasen-tunet.

Første dag av Festspela held fram i Aasen-tunet med opning av temaustillinga om litteraturen til Carl Frode Tiller . Etter dette blir det konsert med BokkeReidars Blues Band med Side Brok i uteamfiet. Dei nynorske festspela er frå 13. til 16. juni i Ivar Aasen-tunet og på ulike arenaer i Ørsta og Volda.

Torsdag 13. juni
18.00–19.00 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
Festspelopning
Kr 200 / honnør, student og ungdom 150
Kjøp billett