Festspelpasset - årets julegåve er klar
Dei nynorske festspela 2019. Konsert med BokkeReidars Blues Band og Side Brok. Uteamfiet, Aasen-tunet, 13.6.2019.Foto: Maren Vassbotn

Festspelpasset - årets julegåve er klar

Årets julegåve er klar: Festspelpasset gir tilgang til fleire titals spennande arrangement 11.-14. juni 2020, der forfattar Stein Versto og artist og tekstforfattar Odd Nordstoga skal vere festspeldiktarar.

– Med desse festspeldiktarane veit vi at det er mykje å gle seg  til i 2020. Vi gler oss til å annonsere fleire spennande programpostar i tida som kjem, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

Dei som kjøper festspelpass må også reservere plass til arrangement med avgrensa publikumsplass, og gjer det enklast med å sende bestilling til billett@aasentunet.no. De kan også ringje inn bestillinga på telefon 70 04 75 70.

Det er i alt 60 festspelpass som er til sals.

Kjøp festspelpass her