Desse er festspeldiktarar i 2020
Odd Nordstoga og Stein VerstoFoto: Morten Andersen og Ånond Versto

Desse er festspeldiktarar i 2020

Stein Versto og Odd Nordstoga skal vere festspeldiktarar under Dei nynorske festspela 11.–14. juni 2020.

– Vi gleder oss til å vise fram to viktige norske diktarar. Versto og Nordstoga har to sterke litterære røyster, og begge desse skal få merksemd under Festspela 2020. I tillegg skal vi vise fram kor stor kunst det kan bli når to slike stemmer finn saman, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik i Ivar Aasen-tunet.

Stein Versto har skrive noveller, roman, lyrikk, songlyrikk og omsett barnebøker og lyrikk. Han er også musikar. Odd Nordstoga har skrive barnebøker, songlyrikk, har sett tone til andre sine verk. – Det er ei stor glede å bli spurd om å vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2020, og dobbelt moro at samarbeidet med Odd Nordstoga blir trekt fram. Eg ser fram til å feire det! seier Versto.

Odd Nordstoga har fått Spellemannprisen som beste tekstforfattar fleire gonger, sist i 2018 for albumet «Kløyvd». I 2015 fekk han prisen for plata «Dette landet», saman med nettopp Stein Versto.

Tekstane Nordstoga sjølv skriv er tette på kvardag og hendingar som har vore eller kjem igjen. Han skriv i ein tradisjon der ein ikkje utbroderer alt, men seier det rett ut på ein klar, men lyrisk måte. Av eigne songtekstar kan ein trekkje fram «Bestevenn», «Ein farfar i livet», «Dagane», «Svingensongen» og «November». Også Nordstoga ser fram til å vere festspeldiktar. – Det er stor ære å få kome til Dei nynorske festspela på denne måten, og det er ekstra hyggjeleg og spennande å få vere der saman med Stein Versto. Eg gleder meg veldig, seier Odd Nordstoga.

Stein Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene i 1990, og har seinare gitt ut to diktbøker. Han har òg omsett litteratur, både songtekstar, barnebøker, ein roman og ein operalibretto. Han har sjølv skrive tekstar til ymse artistar. Han er hardingfelespelar og samarbeider både med spelemenn og kvedarar.

– Sjeldan har vi fått vise samanhengen mellom skriving og musikk betre enn med desse to som festspeldiktarar. Dette er personar som både arbeider med musikk og dikting. Dei har røter i folkedikting, folkemusikk og nynorsk skriftkultur, men hentar òg inspirasjon frå verda og samtida i kunsten sin, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum.

 

Les meir om Stein Versto på allkunne.no

Les meir om Odd Nordstoga på allkunne.no