
Carl Frode Tiller er festspeldiktar i 2019
Carl Frode Tiller er festspeldiktar på Dei nynorske festspela 13.-16. juni 2019 i Ørsta og Volda. – Eg har så mykje å takke nynorsken for, seier forfattaren.
– Carl Frode Tiller er ei av dei sterkaste stemmene i norsk litteratur, ein av dei som viser oss kva menneskesinnet kan romme. Vi ser fram til å løfte fram fleire sider av forfattarskapen hans for publikum, seier dagleg leiar Gaute Øvereng.
Carl Frode Tiller deltek på fleire arrangement under Festspela, og forfattarskapen hans kjem til å prege programmet både direkte og indirekte. Han vil vere den første festspeldiktaren frå Trøndelag, og han fortel at nynorsken gav han sjansen til å bruke dialekten sin i bøkene.
– Eg vart både stolt og glad då eg fekk spørsmål om å vere festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2019. Eg har så mykje å takke nynorsken for. Han gav meg sjansen til å bruke trønderdialekten min i det eg skriv, og hadde det ikkje vore for det, veit eg ikkje om eg hadde vore forfattar i dag. Eg hadde iallfall vore ein dårlegare forfattar, seier Tiller.
![]() |
Carl Frode Tiller og programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik |
Tiller debuterte med romanen Skråninga i 2001, og har sidan den gongen skrive fem ytterlegare romanar og tre teaterstykke. Han skreiv sjølv om debutromanen til teater for Det Norske Teatret i 2004, medan den siste romanen hans, Begynnelser, først blei skrive og sett opp som eit teaterstykke av Trøndelag Teater i 2016. Tiller har motteke mange prisar for forfattarskapen sin, og har mellom anna blitt kåra til ein av landets ti beste forfattarar under 35 år av Morgenbladet i 2005. Tiller er ein av to norske kandidatar til å vinne Nordisk råds litteraturpris 30. oktober 2018.
Forteljingar er tema i 2019
Kvart år har Dei nynorske festspela eit utvald tema som pregar programmet. Forfattarskapen til Tiller var ein stor del av inspirasjonen då vi valde Forteljingar.
– Med Tiller, Forteljingar og Bokåret 2019 har vi eit fantastisk utgangspunkt for eit variert og spennande program til Dei nynorske festspela 2019, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik. – Vi gler oss alle stort til samarbeidet med Tiller, og til å fylle bygdene våre med sterkt innhald og rike opplevingar, avsluttar han.